a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Vreeswijk møter Grytten!

Presentert av Teaterfabrikken

Kva skjer når vi tek tekstar av ein nynorsk forfattar, puttar inn tekstar av ein svensk visesongar og blandar det heile i ei stor gryte? «Vreeswijk møter Grytten» handlar om trøblete kjærleik og einsemda i det å vere saman. Vi møter eit par som forsøker å nå kvarandre, men som stadig tek val som fører dei lengre bort frå kvarandre. Vi møter også «den andre kvinna».
Kven sa at kjærleik var enkelt?

Framsyninga er skrive av Knut Elvik og Anne Bolette Stang Eng. Tekstane frå Frode Grytten er henta frå «Rom ved havet», «Rom i byen» og musikken er av Cornelis Vreeswijk.
Velkommen til ei musikalsk framsyning full av djupare meining, pent pakka inn i humor, skarpheit og deilige tonar!