a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Vestspel i Logen Bar

23. mai – 5. juni

Det er mai, bløming og festivalstemning i byen vår.
Hordaland Teater inviterer til VESTSPEL med intim-arrangement kvar kveld, alle med det rike språket vårt som fellesnemnar.

Me byr på Frode Grytten, Brit Bildøen, BT-podcast, Finn Tokvam, Sjur Hjeltnes, og det nye konseptet Forteljardyst, leia av Christine Hope.

Kva er vel riktigare enn å avslutte festivaldagen i nyoppussa Logen Bar?
Vel møtt!

23. mai kl. 21: Forteljardyst, konferansier Christine Hope 
NB: Billettsal!

24. mai kl. 21: Minikonsert, Kristian Berg Jåtten med venner

25. mai kl. 21: Forfattartreff med Brit Bildøen
Festspeldiktar og ein av landets fremste forfattarar Brit Bildøen tar med seg musikar og komponist Rune Klakegg til eit uformelt treff hjå oss på Logen. For kvelden skal dei framføre dikt og tekstar akkompagnert av trekkspel.

25. mai kl. 22: DJ Marit Eikemo spelar opp!

26. mai kl. 21: Minikonsert med Åse Britt Reme Jakobsen

27. mai kl. 21: Minikonsert med Sjur Hjeltnes

28. mai kl. 18: BT – podcast: Republikken LIVE

29. mai kl. 21: Tatt av Vinje med Hadle Reisæter og Håkon Widding
Hadle Reisæter framfører tekstar og songar av Aasmund Olavsson Vinje med Håkon Widding på gitar og som livsfilosofisk alibi.

31. mai kl. 18: BT – podcast: Teaterkritikk LIVE
Billettsal

31. mai kl. 21: Grytten og Tokvam snakkar ut om den tunge tida
Venene Frode Grytten og Finn Tokvam har samarbeidd om ein rekke større, mest mindre greier. Dei deler begge interessa for den skrivne teksten, depressiv musikk og det absurde i alt og ingenting. No inviterer dei oss til et talkshow heilt fritt for raud tråd, der absolutt ingenting er planlagt, og ingen veit kor det skal ende. Bli med i Logen Bar når dei to snakkar ut om den vonde tida.

02. juni kl. 18: Nynorsk salme(all)song
Bli med på allsang! Denne søndagen kjem Sigbjørn Apeland med trøorgel og salmebøker. Han kjem til å tre inn i ei kombinert rolle som emissær, intervjuar, spellemann og allsongleiar. Med seg har han Arve Brunvoll, kjend som vår fremste nolevande diktar/omsetjar av nynorske salmer. Han vil fortelje om dei salmane han har vore involvert i. Ta med den stemma du har, og ta søndagskaffien i Logen Bar!

03. juni kl. 21: Historia om cider med Hadle Reisæter og Håkon Widding
1. april klokka 10.00 stod Esau på Rutebilstasjonen i Odda, og tok i mot bussen. På taket hadde bussen surra ein gammal kano, og for å gjere bussen enno merkelegare i sin utsjånad viste Kapteinen seg i eit av vindauga. Då han hadde forvissa seg om at han verkeleg var i Odda, steig han ut til Esau, og alminneleg jubel dominerte scenen for eit passande tidsrom. Hadle Reisæter og Håkon Widding fortel om ei vestlandsk reise som går gjennom den vestnorske cider-tradisjonen, frå innførselen av eple av engelske munkar på 1300-talet til framveksten av ciderprodusentar i dag. Det vert sang, dikt og ganske enkelt gode gammaldagse reiseskildringar.

04. juni kl. 21: Festival-oppsummering
Hordaland Teaters «Vestspel»-program går mot slutten, og det er tid for å oppsummere festival-vekene.

Bergen kommune si festivalmønstring Bergen Nå inviterer i samarbeid med Hordaland Teater til kritikarsamtale om årets Festspill- og Nattjazzprogram på Logen Bar tirsdag 4. juni kl 21.00.

Me har utfordra byens kritikarkorps om å trekke fram to favorittarrangement som av ulik grunn har skilt seg ut eller gjort særskilt inntrykk. Dette skal dei presentere framfor eit levande publikum. I panelet finn me Ballade, BT, BA, Frontlosjen m. fl.

Oppsummeringa er leia av Ida Lødemel Tvedt.

05. juni kl. 21.30: Operapub