a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Tom Roger Aadland

RELEASE-KONSERT LOGEN 1. MARS 2018

Rockepoeten Tom Roger Aadland slepp sitt sjuande soloalbum «Songfugl» i mars, og har med seg fullt band når han kjem til Bergen og Logen på sleppfest torsdag 1. mars.

Det nye albumet inneheld ti originallåtar av Tom Roger Aadland og ryktast å vere det lysaste albumet hans til nå. Musikkvideoen til singelen «Vestland, Vestland», med fotobidrag frå natur- og musikkentusiastar i heile landsdelen, har på kort tid blitt ein favoritt med over 100.000 facebook-visningar.

Tom Roger si førre utgjeving «Blondt i blondt» (Bob Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta til nynorsk) fekk ei strålande mottaking og blei kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk. At han er ein av landets beste tekstforfattarar har fleire fått med seg, for på Hellbillies’ nye album «Søvnlaus» er han mannen bak mange av tekstane, inkludert tittelsporet og «20 år på vegen».

På konserten i Logen har Tom Roger Aadland med seg eit botnsolid band beståande av Karl Oluf Wennerberg (slagverk), Ruben Oma (bass) og Kristian Kvalvaag (gitar). Publikum vil få høyre ferske fulltreffarar som «Vestland, Vestland», Dylan-klassikarar som «Eg må ha deg» («I Want You») og kjente radiolåtar som «Min beste ven på ein dårleg dag». Alt ligg til rette for en flott konsertkveld i Bergen!