a a a
 
Belle Gunness

Bjarte Hjelmeland les Terje Vigen

Henrik Ibsens storslåtte og episke dikt Terje Vigen har lenge vore eit av Bjarte Hjelmelands klare favorittar. Han har lese det i mange ulike samanhengar, i radioteaterets velkjente versjon, under open himmel i sør-kinahavet og ytterst på «den nøgne ø» i Grimstads skjærgård.

No skal endeleg bergensarane få høyre denne sterke historia om mannen som rodde til Danmark for å hente korn til den svoltne familien sin, ei historie om mot og tap, hemn og tilgjeving. Bjarte gler seg til å framføre det vidgjetne diktet på Logen, framfor hans aller mest trufaste publikum.

Foto: Erlend Berge