a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

TERJE LYNGSTAD NY TEATERSJEF

Styret i Hordaland Teater har tilsett Terje Lyngstad som teatersjef i åremål frå 1. januar 2016 til 31. desember 2019. Lyngstad (48) er i dag teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, SOFT.

terjelyngstadStyreleiar Birthe Eriksen er særs nøgd med at Terje Lyngstad har takka ja til stillinga,
-Med Terje får vi ein erfaren teatersjef som kan vidareføre den gode utviklinga som Hordaland Teater har hatt under noverande leiing.  Terje har solide røter i det vestnorske kulturlivet, han kjenner regionen godt og han brenn for eit teater som utviklar norsk dramatikk på nynorsk.  Han har høsta mange godord for det arbeidet han har gjort i SOFT gjennom 12 år, seier styreleiaren i ein kommentar. Styreleiaren understrekar at det var fleire gode søkjarar til stillinga, som alle kunne gjort ein framifrå jobb for teateret. Ho understrekar at til sjuande og sist var det dei dokumenterte resultata og den lange røynsla som avgjorde valet.  Dette reknar vi som særleg verdifullt når teateret om nokre år skal flytte inn til Bergen sentrum, seiar ho.

Hordaland Teater har i fleire år samarbeidd med Sogn og Fjordane teater, no sist med suksessframsyninga Kjærleikens ferjereiser.  I tillegg samarbeider teateret med Det Norske Teateret i Oslo, og vil til våren turnere med Haugtussa, ei framsyning utvikla av Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig.

-Eg er svært glad for å bli valt som ny teatersjef ved Hordaland Teater, seier Lyngstad. -Det er eit privilegium å få lov til å vere med på å utvikle teateret vidare, særleg no når det skal etablere seg i sentrum av Bergen. Målet er å etablere  ei godt synleg nynorskscene med eit mangfald av teater, for publikum i alle aldrar. Samstundes er det viktig å halde fram med å lage gode framsyningar for born og unge som skal turnere i resten av Hordaland, i samarbeid med Den kulturelle skulesekken.

Terje Lyngstad vil vere ansvarleg for repertoaret frå 2016.  Det medfører at han vil arbeide ein del ved teateret i inneverande år for å planlegge rollebesetning, bruk av anna kunstnarleg personell og turnéplanlegging.

For nærare opplysningar styreleiar Birthe Eriksen/direktør Atle Marøen, tlf: 951 08 930/905 32 006 og Terje Lyngstad, tlf:  909 44 027.

Omtaler i pressa: Bergensavisen, Bergens Tidende, NRK.