a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Svar på brev frå Helga

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om kjærleik og livskamp, erotiske minner blanda med soger om gløymde lik, lågføtte verar og dagen då Farmall- traktoren kom.

Den islandske suksessromanen «Svar på brev frå Helga» av bergensbusatte Bergsveinn Birgisson er omsett til fleire språk og nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. No blir den teaterframsyning på Hordaland teater med to av landets fremste skodespelarar, Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Det er det all grunn til å sjå fram til!

Les intervju i Bergens Tidende