a a a
 
Singel & sand

«Stones in his pockets»

PRISVINNANDE INTERNASJONAL SUKSESS – NO I BERGEN / PÅ VESTLANDET!

Ein ny storfilm skal spelast inn på den irske bygda, og Charles og Jake har ordna seg statistjobbar på settet. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møte med sleipe produsentar og verdsvante divaer? Dette vert eit morosamt og kontrastfullt møte mellom bygdefolket og glamorøse Hollywoodstjerner. Vennskapet mellom dei to; Charles og Jake er sentralt i stykket.

Bergensavisen – Fem på terningen! :  «Meningsfylt komedie»

«Stones in his Pockets» er to herrer som skifter lynraskt mellom til sammen 18 forskjellige roller på en nesten naken scene. Og det funker.

«Stones in his Pockets» er en komedie med tragisk undertone og et viktig tema. Men stykket krever også skuespillere som takler å karakterisere en hel personlighet gjennom fakter, gester, mimikk og stemmebruk. Dale og Hauge turnerer denne utfordringen aldeles utmerket. Fin timing, av og til kan et blikk formidle det meste.

«Stones in his Pockets» er til tider viltert underholdende. Det sørger de to på scenen for.

 

Med få kostymeskift og enkle rekvisittar, berre ved hjelp av kroppsspråk og ulike vestlandske og nord-norske dialektar, portretterer Anders Dale og Svein Harry Hauge alle dei 18 ulike personane i stykket. Dette er imponerande skodespelarkunst og passar godt for både ungdom og vaksne.

Likte du «Singel & Sand»? Då trur vi du vil like dette underhaldande stykket som er ein internasjonal storsuksess kjent frå både West End i London og Broadway i New York. Ikkje ein kabaret som «Singel & Sand» denne gongen altså, men med handlinga frå bygda er det mange gjenkjennelege og artige typar med saftige gloser og frekk framtoning.

«Stones in His Pockets» hadde urpremiere som pubteater i 1998, og har sidan gått for fulle hus på tre forskjellige scenar i London. Stykket har mottatt ei rekke prisar som beste komedie og beste nykommar. I Norge er stykket mest kjent med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene..

Om dei medverkande:

Anders Dale er frå Bergen og kom direkte fra Statens Teaterhøgskole til Rogaland Teater i 1994, der han sidan har vore fast tilsett skodespelar. I 2001 spelte Dale hovudrolla i Amadeus på Den Nationale Scene under Festspillene i Bergen. Våren 2012 hadde han regi på Blackbird ved DNS. Hausten 2010 spelte han Ole Bull i Jeg bygger luftslott ved Hordaland Teater. I det siste har han hatt regi på «Kunst» ved Rogaland Teater og er sist sett som Thorvald i Et dukkehjem på Rogaland Teater.

Svein Harry Hauge Hauge er utdanna ved Statens Teaterhøgskole, og har etter endt utdanning jobba ved blant anna Teater Ibsen, Oslo Nye Teater og Rogaland Teater. I tillegg til sitt virke som skodespelar har han også erfaring som regissør, dramatikar og kunstnerisk leiar. I 2010 vart han nominert til Heddaprisen for sin rolle i John Gabriel Borkmann, Svein Harry starta si teaterkarriere i Tromsø, med frigruppa Cumulus i 1988. Hausten 2015 medvirka Svein Harry i musikalen I blanke messingen og våren 2016 spelte han i Jaktlaget av Jo Strømgren. Han er sist sett i Et dukkehjem på Rogaland Teater.

Foto: Odd Mehus