a a a
 
stille natt forsidebilde

stille natt

I eit ørkenlandskap møter vi ein eldgammal mann som ventar på ein engel. Han tek oss tilbake til den gong han var gut og møtte engelen for første gong. Den gongen ville engelen ha han med til Betlehem.

Men guten trudde ikkje på det, og han trudde heller ikkje på at ei stjerne skulle visa veg. Så han vandrar vidare og møter eit namnlaust esel og eit einsamt lam. Dessutan opplever han å få sin store draum oppfylt: Å bli tryllekunstnar på sirkus! Men engelen kjem stadig attende og vil ha guten med.

Vil guten følgje engelen? Og vil han oppleve eit mirakel? Dette er som «Tusen og ei natt» møter Juleevangeliet

Alder: Frå 4 år - passar særs godt for barn mellom 6 - 14!

Praktisk info for barnehagar/ skular:

Stad: «Stille Natt» vert spelt i teatersalen på Hordaland Teater/ Hordamuseet, Stend.
Alder: Frå 4 år
Tid: Stykket tek ca 45 min.
Speleperiode: Tysdag – fredag i perioden 2.12 – 19.12.
2 framsyningar pr. dag: kl.10.15 + kl.12.00
Prisar: kr 90 pr barn, 1 vaksen gratis pr 6 barn (for barnehagar) 2 lærarar gratis pr klasse (for skular).
For bestilling: Ring Hordaland Teater tlf: 55 22 20 20 eller send e-post: post@hordalandteater.no

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt foto fra forestillinga Stille Natt