a a a
 

«1950 – SPIONEN» 

MED STATSTEATRET

Frå 20. Oktober ynskjer vi vårt nye familiemedlem Statsteatret velkommen i Logen. Her skal dei ha sin Bergensscene i Solrun Toft Iversen sin sjefsperiode.

Statsteatret har gjennom ei årrekke tatt på seg den store oppgåva å skildre Noregshistoria i sitt leikne og særprega teaterspråk. Når vi i haust presenter ”1950 – Spionen” har dei nådd til episode nr 7 i sitt prosjekt. Framsyninga tar føre seg CIA, KGB, kald krig, kommunisme og Arbeiderpartiet sin angst. Alt servert på ei seng av reklame for sigarettar, alkohol og dei nyaste kvitevarene frå den tida.

Klokka har blitt 1950. Det strømmer tonar fra ei leiligheit. Astrid Høyer sit ved pianoet. Samstundes strammar støvsugarselgaren Frank Øye seg opp utanfor døra hennar. Han ringer på. Ho sluttar å spele, går mot døra, så stoppar ho. Skal ho opne eller ikkje? Ho kan jo på dette tidspunkt ikkje ane kva slags fryktelege konsekvensar det ville få om ho opna døra. Berre eit forkvakla sinn, paranoid på grensa til galskap, kunne ane konsekvensane.

Vi er svært glad for å innlemme Statsteatret i vår kunstnarfamilie på Logen. Ekstra stas er det at kvinna ved pianoet er ingen ringare enn Karoline Krüger, Velkommen til femtitalet. Og husk: Det at ein er paranoid er ikkje teikn på at ein er overvåka.

Framsyninga har fått gode kritikkar og fem på terningen her:

En underholdende og tankevekkende oppsetning.
Karoline Krüger får vist at hun kan slå an langt flere akkorder enn klaverets.
- RA Dagsavisen

Lett og fornøyelig.- Dagbladet

En farseaktig spionthriller. […] Sundvor har snekret en story som levendegjøres i høyt tempo av fire opplagte skuespillere, inkludert et meget vellykket bidrag fra artisten Karoline Krüger.- Stavanger Aftenblad

Ei fornøyeleg og uhøgtidleg framsyning – Klassekampen