a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Små døde dyr

Etter Ulf Nilssons barnebok ”Alla döda små djur”

Ein dag finn Ester og veslebroren hennar ei død humle. Dei bestemmer seg for å gravleggje den og lage eit gravferdsbyrå med Verdas Beste Gravferder – for dyr.

Til ei riktig gravferd skal ein bruke: Ein spade, pinne til kors, vakker gravstein, hammar og spiker, små og store esker, pensel og maling, blomster, blomsterfrø og dikt! Og sjølvsagt nokre døde dyr. Dei finn m.a.: Ein hane, ni mus, tre sild og ein svarttrost, som heiter Vesle Far.

Deira leikande univers fører til både jordnære og humoristiske refleksjonar over livet og døden.

Foto : Tor Erik H. Mathiesen