a a a
 
sjølvforakt forsidebilde

Sjølvforakt

Sjølvforakt er opprinneleg ei populær, dansk framsyning av kompaniet Hils din mor. Sjølvforakt gir publikum eit innblikk i korleis det er å kjenne seg annleis på godt og vondt.

Framsyninga handlar om dei to tenåringane Jonas og Benjamin som går i 9. klasse. Like før sommarferien stod Jonas fram som homo. Den første skoledagen etter ferien står det: JONAS ER HOMO i skolegarden. Dagen etter: JONAS ER EIT HOMOSVIN. Kven skriv det og kvifor? Og kven er det Benjamin heile tida får beskjedar frå på mobilen sin? Jonas og Benjamin er venner, og dei er kanskje også litt meir enn det. Men det der med å vere forelska og elske er noko underleg, noko ein får feber av. Sjølvforakt kjem inn under huda på dei som utøver vald mot minoritetar og dei som er offer for hatforbrytingar.

Framsyninga inneheld tema som mobbing, vald, baksnakking, gruppepress og den første kjærleiken. Ungt, opplysande og innvolverande teater, som bryt ned fordommar!

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

foto fra forestillinga Sjølvforakt foto fra forestillinga Sjølvforakt foto fra forestillinga Sjølvforakt foto fra forestillinga Sjølvforakt foto fra forestillinga Sjølvforakt foto fra forestillinga Sjølvforakt

 

Les kva BA meiner om framsyninga:

Bergensavisen : «Stykket signert det danske kompaniet Hils din mor tar ungdommene rett inn i situasjoner de selv kan oppleve. Det rusker opp i dem og krever at de gjør seg opp en mening om homofili, gruppepress og svik.» les heile kritikken her.

Vi vil gjerne få di meining om stykket

Lik Hordaland Teater på Facebook, følg oss på instagram @hordalandteater, #sjølvforakt eller twitter.

Å vere ung kan vere vanskeleg

Her er nokre nettstader/hjelpetelefonar som kan gjere det lettare:

Ungdomstelefonen
Tlf: 400 00 777
www.ungdomstelefonen.no
Unge svarer unge på spørsmål om
kjønn, seksualitet og identitet
…………………………..

Kirkens SOS
Tlf: 815 33 300 Døgnåpen
SOSmelding (via www.kirkens-sos.no)
Soschat.no
…………………………………………..

Røde Kors telefonen for barn og ungdom
Telefon: 800 33 321
………………………………….

Mental Helses hjelpetelefon
Telefon: 116 123 Døgnåpen
www.sidetmedord.no
……………………………………………….

Alarmtelefonen for barn og unge
Telefon: 116 111
SMS: 41 71 61 11
E-post: alarm@116111.no