a a a
 
Rose

Rose

I konserten «Rose» møter du tre av våre beste folkemusikarar, med songar av Robert Burns til ny, melodiøs musikk av Gabriel Fliflet. Hordaland Teater er glad for å kunne invitere til ein melodiøs kveld med flotte musikarar, strålande tekstar og uventa rytmar! Kvedardronninga Kirsten Bråten Berg er hovedvokalist i «Rose», medan Anders Røine og Gabriel Fliflet spelar ei rekkje instrument - og syng, dei òg. Dei tre musikarane kjenner godt til kvarandre, men dette er fyrste gongen dei spelar i lag! Det nykomponerte verket til Fliflet har fått namnet «Rose» etter A Red, Red Rose – den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. 

«Rose» var tinga til Vossajazz 2016. Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar vil grunntonen kvila i norske tradisjonar. Klangar og tonesprang frå fjernare himmelstrøk vil nok likevel òg trenga seg på.  I Rose får du høyra mange vakre kjærleikssongar, til tonefølgje av langeleik og piano eller kanskje munnharpe og fele - men òg burleske og viltre viser med svingande gitar og pumpande trekkspel!

Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein av dei mest elska songpoetane i verda. No har den fargerike musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av Johannes Gjerdåker.

Pressekritkk:

«A good tune well delivered, as Fliflet, Berg and Røine demonstrated, knows no borders and is for the ages. This was music both traditional and innovative at one and the same time.»
- Ian Patterson, All about jazz

«Og godt var det så det forslo. (…) Gabriel Fliflet og hans to medmusikarar har så definitivt evna til å gje Burns sine tankar dei mest høvelege uttrykk. Frå det rørande og sarte, som fekk det til å gå bølgjer av kollektive og djupfølte bedehussukk gjennom den stappfulle salen, til den lausslepne galskapen (…) Rose vart ein orgie i nydeleg musikk.»
- Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland