a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Det Vestnorske Teateret

HORDALAND TEATER ENDRAR NAMN TIL DET VESTNORSKE TEATERET OG FÅR LØYVE TIL NYBYGG I BAKGARDEN

I generalforsamlinga  25. april 2019 vedtok eigarane at teateret endrar namn til Det Vestnorske Teateret. Dette samanfell ved at vi samme dag har fått vite at klagen vert teken til følgje og byggesaka vil bli godkjend av Bergen kommune. Då vert det endeleg klart for bygging i bakgarden til Hordaland Teater sitt scenehus i Bergen sentrum (Logen).

-Dette er to svært gode gladsaker på ein dag! No kan vi endeleg snart samle både verkstadar, prøve- og spelelokale og dermed få ein effektiv og moderne teaterdrift, seier teatersjef Solrun Toft Iversen. Publikum har teke godt imot eit nynorsk teater i Bergen sentrum og no kan vi krone innsatsen med eit nytt bygg og nytt namn. – Eg gler meg spesielt over den nye biscenen som vi no vil få plass til. Vi vil jobbe hardt for å kunne tilby publikum eit endå rikare og meir variert repertoar når vi no får fleire scener og ikkje minst armslag til å produsere på. Vi kan ikkje kvile heilt på laubæra enno. Vi treng ytterlegare løyvingar for å ta ut potensialet for aktivitet i det fine huset vårt. Eg er også glad for at publikum no endeleg får lettare tilkomst med heis heilt opp til 3. etasje, seier ein glad teatersjef.

Om namnebytte:– Med eit profilert teaterbygg og ein meir spissa strategi mot den vestnorske folkeferda, språket og identiteten ønskjer vi i vårt namneval å signalisere denne nyvinninga i Bergen si teaterverd. Samstundes får ein eit namn som signaliserer teateret sine ambisjonar i den nye fylkeskommunen Vestland og i det meir utvida omgrepet Det Vestnorske, seier teatersjef Solrun Toft Iversen i ein kommentar.

Teateret endrar formelt namn til Det Vestnorske Teateret LL frå no av, men vil marknadsføre seg som Hordaland Teater for alle framsyningar som er planlagt ut 2019. Det er sett i gang eit arbeid for å endre grafisk profil og utsjånad på ny heimeside. Dette arbeidet vil vere avslutta innan 1. oktober.

Det Vestnorske Teateret bygger på tre viktige byggesteinar. I ein nyleg vedtatt strategi for teateret har vi samla oss om tre viktige føresetnadar, seier styreleiar Pål W. Lorentzen: Det første er det nynorske språkmandatet som har vore gjeldande for teateret sidan oppstart. Nynorsk språk opplever ei blomstring innan kulturlivet i desse dagar, og eit nynorsk teater i vestlandet sin hovudstad har ei viktig rolle å spele i denne blomstringa. Det neste er dei vestnorske forfattarane. Vi ønskjer å kunne tilby desse ein heim for sine produksjonar og vere ein fødselshjelpar til å få fram ny nynorsk dramatikk. Vår teatersjef sitt unike nettverk er viktig for ossher. Det siste er dei lange linene til nynorsk scenespråk i Norge. Det Norske Teatret vart skipa i Kristiania i 1912, og vi ønskjer med vårt namneval å knyte oss opp mot den namnetradisjonen som med det vart etablert.

Eit godt val

Språkrådet ved seksjonssjef Daniel Ims (ved seksjonen for språkrøkt og språkrådgivning) uttalar til teateret at: – Namnevalet får full støtte frå Språkrådet.

Jon Fosse seier dette i ein e-post til teateret:- Eg synest Hordaland Teater har fått ei svært godt nytt namn, som nettopp peikar mot den vestnorske identiteten som nynorsken er ein svært sentral del av. Eg gratulerer med nytt godt namn.

Også Marit Warncke i Bergen Næringsråd uttrykker seg positivt om namnevalet: – Jeg synes dette er et riktig og viktig navneskifte i helt rett tid. Teateret er viktig for å styrke vår felles identitet og kultur, ikke bare for Bergen og Hordaland, men for hele Vestlandet.

Ledig stilling

Hordaland Teater (Det Vestnorske Teateret, frå 1. 10.19) er eit regionteater som spelar i Bergen og resten av Vestland. Teateret søkjer å nå publikum i alle aldre med gode og meiningsfulle teateropplevingar. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Arbeidsmiljøet er prega av stort engasjement, fleksibilitet og høgt ambisjonsnivå. I 2018 tok teateret over drifta av våre eigne barar, Teaterbaren i foajé og «kulturinstitusjonen» Logen Bar. Logen Bar vert og nytta som arena for teater, musikk, møte og litterære opplevingar.
Teateret ligg i Bergen sentrum.

Hordaland Teater søkjer etter

BARSJEF

Hordaland Teater fokuserer ikkje berre på flinke folk på scena, vi vil knyte til oss gode medarbeidarar i alle posisjonar. Med rundt 220 arrangement i året trengs det dyktige folk i mange ulike roller. Som barsjef på Hordaland Teater kjem du inn i eit spennande, dynamisk og kreativt miljø med tilsette som driv med teater, musikk, kunst og kultur i og utanfor huset.
Teateret søkjer no etter ein barsjef som vil fungere som eit bindeledd mellom administrasjonen og bardrifta. Stillinga som barsjef er fast og 100% der den administrative delen vil vere om lag 40%. Resten av tida vil hovudsakeleg gå med til arbeid som bartendar på kveldstid og i helger.
Vi leitar etter ein person med gode leiareigenskapar, som har vilje til å stå på og evner å motivere andre. Vi ønsker ein barsjef med lang erfaring frå bardrift og som set ein høg fagleg standard for bardrifta. Den vi leiter etter må kunne sjå heilheita i den daglege drifta på teateret og ikkje vere redd for å brette opp ermane og få skit under naglane.

Barsjefen sine oppgåver vil mellom anna innebere:

  • Ansvar for varelager og bestilling
  • Sette opp vaktlister og sørge for at vi til ein kvar tid er rett bemanna med bartendarar
  • Overordna oppfølgingsansvar for bardrifta frå rutinar til vareteljing og oppgjer.
  • Fagleg ansvar for barpersonalet (frå tilsetting og opplæring)
    Vere ansvarleg for mindre arrangement og koordinere verksemda mot teateret sine aktivitetar

Til stillinga søker vi en person som:

  • Har erfaring frå og særleg god kjennskap til bardrift
  • Oppfyller kriteria til å vere skjenkehavar sin erstattar
  • Har evna til å leie og motivere andre
  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Kan takle høgt tempo, har stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner
    I tillegg er det ønskeleg med kunnskap og interesse for teater og anna kulturliv, samt praktisk og økonomisk sans.
    Løn etter avtale. Ønska tiltreding 12. august 2019.
    Kontakt: direktør Atle Marøen (905 32 006), atle@hordalandteater.no.

Send søknad med cv snarast, seinast 27. mai 2019 til stilling@hordalandteater.no

PRESSEMELDING – HORDALAND TEATER 8. JUNI

HAUSTPROGRAMMET 2017 – HORDALAND TEATER

Teatersjef Solrun Toft Iversen la i formiddag fram haustprogrammet til Hordaland Teater.

Logen vert pussa opp innvendig tidleg på hausten med ny publikumsfoaje og oppgradering av scenerommet . Deretter vert det FESTOPNING den 29. september der teatersjef Solrun Toft Iversen har med seg gode scenekunstnarar og vener til ein unik kveld der publikum får smakebitar på kva som kan komme på Hordaland Teater i Logen i tida framover. (meir…)

AUKA DRIFTSSTØTTE TIL HORDALAND TEATER

KrF Pressemelding 7. juni 2017

– Eg er glad for at vi no i budsjettavtalen har fått til ei auke i driftstøtta til Hordaland Teater. Auken er ein million kroner. Dermed sikrar vi dei naudsynte midlane slik at teateret kan gjennomføra ei lokalisering saman i Logen, seier Knut Arild Hareide. (meir…)

HEDDAPRISNOMINASJON TIL HORDALAND TEATER!

Pressemelding frå Hordaland Teater 1. juni 2017

Ungdomsframsyninga til Hordaland Teater «Eg ringer mine brør» er nominert til beste ungdomsforestilling 2017. I dag torsdag 1. juni vart Heddanominasjonene offentlege under ei presselansering på Oslo Nye Teater. (meir…)

Ny teatersjef

SOLRUN TOFT IVERSEN TILSETT SOM NY TEATERSJEF VED HORDALAND TEATER

Styret i Hordaland Teater har tilsett SOLRUN TOFT IVERSEN som teatersjef i åremål frå våren 2017 til våren 2021. Solrun Toft Iversen (45) har i ei årrekke vore sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene og fungerer per i dag som konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.

Styreleiar Pål W. Lorentzen er særs nøgd med at Solrun Toft Iversen har takka ja til stillinga,
(meir…)

TERJE LYNGSTAD NY TEATERSJEF

Styret i Hordaland Teater har tilsett Terje Lyngstad som teatersjef i åremål frå 1. januar 2016 til 31. desember 2019. Lyngstad (48) er i dag teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, SOFT.

(meir…)