a a a
 

Pressemelding – Hordaland Teater 8. juni

Haustprogrammet 2017 – Hordaland Teater

Teatersjef Solrun Toft Iversen la i formiddag fram haustprogrammet til Hordaland Teater.

Logen vert pussa opp innvendig tidleg på hausten med ny publikumsfoaje og oppgradering av scenerommet . Deretter vert det FESTOPNING den 29. september der teatersjef Solrun Toft Iversen har med seg gode scenekunstnarar og vener til ein unik kveld der publikum får smakebitar på kva som kan komme på Hordaland Teater i Logen i tida framover. Les meir

Auka driftsstøtte til Hordaland Teater

KrF Pressemelding 7. juni 2017

- Eg er glad for at vi no i budsjettavtalen har fått til ei auke i driftstøtta til Hordaland Teater. Auken er ein million kroner. Dermed sikrar vi dei naudsynte midlane slik at teateret kan gjennomføra ei lokalisering saman i Logen, seier Knut Arild Hareide. Les meir

Heddaprisnominasjon til Hordaland Teater!

Pressemelding frå Hordaland Teater 1. juni 2017

Ungdomsframsyninga til Hordaland Teater «Eg ringer mine brør» er nominert til beste ungdomsforestilling 2017. I dag torsdag 1. juni vart Heddanominasjonene offentlege under ei presselansering på Oslo Nye Teater. Les meir

Ny teatersjef

Styret i Hordaland Teater har tilsett SOLRUN TOFT IVERSEN som teatersjef i åremål frå våren 2017 til våren 2021. Solrun Toft Iversen (45) har i ei årrekke vore sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene og fungerer per i dag som konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Les meir