a a a
 

Auka driftsstøtte til Hordaland Teater

KrF Pressemelding 7. juni 2017

- Eg er glad for at vi no i budsjettavtalen har fått til ei auke i driftstøtta til Hordaland Teater. Auken er ein million kroner. Dermed sikrar vi dei naudsynte midlane slik at teateret kan gjennomføra ei lokalisering saman i Logen, seier Knut Arild Hareide.

Hordaland Teater er eit viktig teater både lokalt og nasjonalt. Den særprega nynorskscena, som spelar både på nynorsk og på dialekt er viktig for å kunne ta vare på den nynorske kulturarven. Samstundes har teateret evna å fornye og omstille seg.

- Når Hordaland Teater flytter inn i Logen vil det kreve ei oppgradering av noværande bygningar, samstundes eit nytt tilbygg som skal settast opp i bakkant. Denne oppgraderinga har ein kostnad på kr 60 millionar. Teateret vil finansiera dette gjennom låneopptak med fylkeskommunal garanti. Teateret har derfor lagt ein plan for finansiering av lånet. Dette inneber at teateret har bedt om ei driftsauke frå Kulturdepartementet. Det er dette vi no har fått på plass gjennom budsjettavtalen, avslutter Hareide.

Kommentar frå teatersjefen:

- Det er særs gledeleg å få denne meldinga i dag. For oss vil dette sei at vi kan halde fram med våre planar om å etablere ei tydeleg nynorsk scene i Bergen sentrum. Den politiske vilja til at vi skulle ta dette steget og vekse i åra framover har vore tydeleg, men utan denne ekstra millionen i driftsstøtte stod vi i fare for å stagnere på eit sårbart tidspunkt. No er byggeprosjektet Logen sikra og vi har fått oss ein heim som vi skal fylle med godt innhald. Dette ser vi fram til, seier teatersjef Solrun Toft Iversen