a a a
 

Pressemelding – Hordaland Teater 8. juni

(Last ned som dokument)

Haustprogrammet 2017 – Hordaland Teater

Teatersjef Solrun Toft Iversen la i formiddag fram haustprogrammet til Hordaland Teater.

Logen vert pussa opp innvendig tidleg på hausten med ny publikumsfoaje og oppgradering av scenerommet . Deretter vert det FESTOPNING den 29. september der teatersjef Solrun Toft Iversen har med seg gode scenekunstnarar og vener til ein unik kveld der publikum får smakebitar på kva som kan komme på Hordaland Teater i Logen i tida framover.

«FUGLETRIBUNALET» av Agnes Ravatn

vert spelt frå 3.oktober, gjestespel frå Sogn og Fjordane Teater.

I Fugletribunalet møter vi Allis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho ber Bagge også på ei hending han sonar. Som Bagge si hushjelp deler ho hans heim og eit taust felleskap. Etter kvart som tida går, vert to ting meir og meir påtrengande. Det eine er at Bagge skjuler ein stor løyndom. Det andre er at dragninga mot han set djupare og djupare spor i henne. Fugletribunalet er ei thrillerprega og lada forteljing om skuld og soning.

Etter ein sterk debut med "Veke 53", sette forfattar Agnes Ravatn seg tydeleg på kartet som ei ny stemme i den vestnorske litteraturen. I sine tekstar går ho tett inn på dei menneskelege vegskilja, og korleis samspel med andre også er sterkt betinga av eige sjølvbilete og livssituasjon. Ho evnar å etablere eit blikk som både går ut i samfunn og relasjonar, men samstundes er sterkt forankra i hovudpersonen sin sjølvrefleksjon. Her treffer ho noko grunnleggande menneskeleg – og kanskje er det noko av forklaringa på Ravatn sin store popularitet. Mange kan kjenne seg igjen i karakterane hennar.

AV Agnes Ravatn
MEDVERKANDE Anne E. Kokkinn, Kyrre Eikås Ottersen, Anne Guri Tvedt, Atle Hoff, Stephanie Mowinckel
DRAMATISERT AV Ingrid Weme Nilsen
BEARBEIDING/REGI Trond Lie
DRAMATURG Solrun Toft Iversen
SCENOGRAFI/KOSTYME Kari Gravklev
LYSDESIGN Krystian Myska
Teaterforlaget Songbird AS www.songbirdteater.com

«1950 – Spionen» med Statsteatret

Frå 20. Oktober ynskjer vi vårt nye familiemedlem Statsteatret velkommen i Logen. Her skal dei ha sin Bergensscene i Solrun Toft Iversen sin sjefsperiode.

Statsteatret har gjennom ei årrekke tatt på seg den store oppgåva å skildre Noregshistoria i sitt leikne og særprega teaterspråk. Når vi i haust presenter ”1950 – Spionen” har dei nådd til episode nr 7 i sitt prosjekt. Framsyninga tar føre seg CIA, KGB, kald krig, kommunisme og Arbeiderpartiet sin angst. Alt servert på ei seng av reklame for sigarettar, alkohol og dei nyaste kvitevarene frå den tida.

Klokka har blitt 1950. Det strømmer tonar fra ei leiligheit. Astrid Høyer sit ved pianoet. Samstundes strammar støvsugarselgaren Frank Øye seg opp utanfor døra hennar. Han ringer på. Ho sluttar å spele, går mot døra, så stoppar ho. Skal ho opne eller ikkje? Ho kan jo på dette tidspunkt ikkje ane kva slags fryktelege konsekvensar det ville få om ho opna døra. Berre eit forkvakla sinn, paranoid på grensa til galskap, kunne ane konsekvensane.

Vi er svært glad for å innlemme Statsteatret i vår kunstnarfamilie på Logen. Ekstra stas er det at kvinna ved pianoet er ingen ringare enn Karoline Krüger, Velkommen til femtitalet. Og husk: Det at ein er paranoid er ikkje teikn på at ein er overvåka.

Av: Yngve Sundvor og Statsteatret
Regissør: Yngve Sundvor
Medvirkende: Kim Sørensen, Per Kjerstad, Gard Bjørnstjerne Eidsvold, Karoline Krüger
Dramaturg: Morten Kjerstad
Framsyninga hadde urpremiere 3. april 2017 på Rogaland Teater.

Framsyninga har fått gode kritikkar og fem på terningen her:

En underholdende og tankevekkende oppsetning.
Karoline Krüger får vist at hun kan slå an langt flere akkorder enn klaverets.
- RA Dagsavisen

Lett og fornøyelig.- Dagbladet

En farseaktig spionthriller. […] Sundvor har snekret en story som levendegjøres i høyt tempo av fire opplagte skuespillere, inkludert et meget vellykket bidrag fra artisten Karoline Krüger.- Stavanger Aftenblad

Ei fornøyeleg og uhøgtidleg framsyning – Klassekampen

«EVIG UNG»

Hordaland Teater har etter 29 år på Stend og på turne rundt i fylket, endeleg fått seg fast bustad i Bergen sentrum. Vi feirer denne nye starten med ei leiken og musikalsk hyllest til livsviljen og kunstnarleg uttrykksglede.

I ”Evig Ung på Logen” gjer vi eit kosteleg tankeeksperiment: Kva no om vi - ein gong i framtida – møtte kasserte og avdanka skodespelarar på eit lukka teater? Kva no om både dei og scenekunsten hadde blitt erklært overflødig for samfunnet elles? Kva no hvis desse ein gong så strålande, vitale kunstnarane blei plasserte i eit passiviserande omsorgssystem som ikkje såg kva som budde i dei, men tvert imot behandla dei nedlatande som om dei var brysomme born?

Kva ville skje på ein slik gamleheim? Ville Elisabeth Moberg, Claus Sellevoll, Sigurd Sele, Harald Dahlstrøm, Lars Jacobsen og Katrine Dale resignere for overformynderiet? Eller ville dei gjere opprør og kreve sin rett til å ta plass?

På Logen sit dei gamle pynteleg vagla medan veggklokka tikkar. Ein pleiar ser til at dei er rikeleg medisinerte. Men når den autoritære Syster Oda ( Oda Alisøy) ikkje ser, boblar saft og kraft opp i dei tilsynelatande trøytte kroppane. Då minnest dei tida på scenen og songar som har blitt ein del av deira felles soundtrack. Og her er det rik mogelegheit for publikum til å minnast med dei. Ei perlerekke av kjente rock og poplåtar frå dei siste 50 åra blomstrar opp på scena. Titlar som ”Stayin alive” og ”I will survive” vil for dei fleste bære bud om den livsvilja og det humøret som står i sentrum for denne framsyninga. I selskap med denne gjengen blir det snart reist tvil om dei lar seg kassere på ein gamleheim. Dei har mykje å by på enno.

«Evig Ung» på Logen er basert på ei framsyning som vart produsert på Sogn og Fjordane Teater i vår. Når vi no tek den vidare og plantar den i Bergen er det eit ledd i vårt gode samarbeid med teateret i nabofylket. Vi tør likevel love at ingen skal være i tvil om at denne festen finn stad i Hordaland. Kom og fest i lag med oss!
Vert spelt på Hordaland Teater i Logen i perioden: 15. november – 10. desember Billettsal frå 20. juni.

Skomakarens draum

For dei yngste kan vi by på ein juvel av ei framsyning. Med sitt sterke kunstnarskap innanfor figurteatertradisjonen har Ljudmil Nikolov gong på gong slått fast at han er blant dei beste i sitt fag. Med « Skomakarens draum » inviterer vi born og familiar inn til eit univers som er vart og magisk. Ein skomakar arbeider flittig ved sin lest og i mengda av sko han skal reparere kjem han over noko heilt spesielt. Ei ballerina sine dansesko. Frå dei spring ein historie om venleik og fridom fram.

Framsyninga er laga i samarbeid mellom Ljudmil Nikolov og Ivar Tinberg, og Hordaland Teater gler seg til å ta den med ut på turne i Hordaland.

Kva er eit ekte vestlandteater vel utan ein god gamaldags julebasar?

Og kva er vel Logen utan Finn-Erix?

Vi er glade for at desse legandariske karane legg sine årlege basarkonsertar til Hordaland Teater i Logen i år, 13 og 14.desember. Det blir vel ikkje heilt jul utan?

Utover dei nevnte produksjonane vil vi utover hausten by på ulike møtepunkt og arrangement i det nye publikumsarealet vårt. Her vert det opplesing, debattar og førjulsstund for familiane. Hold auge med programmet etterkvart. Vi gler oss og ynskjer velkommen inn.

For meir info/ intervju – Ta gjerne kontakt med teatersjef Solrun Toft Iversen på tlf: 952 95 876, mail: solrun@hordalandteater.no

www.hordalandteater.no