a a a
 

SOLRUN TOFT IVERSEN TILSETT SOM NY TEATERSJEF VED HORDALAND TEATER

Solrun Toft Iversen

Styret i Hordaland Teater har tilsett SOLRUN TOFT IVERSEN som teatersjef i åremål frå våren 2017 til våren 2021. Solrun Toft Iversen (45) har i ei årrekke vore sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene og fungerer per i dag som konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.

Styreleiar Pål W. Lorentzen er særs nøgd med at Solrun Toft Iversen har takka ja til stillinga,

- Med Solrun får vi ein erfaren teaterleiar som kan vidareutvikle Hordaland Teater som ein av dei viktigaste kulturformidlarane i vår region. Solrun har solid teaterfagleg bakgrunn. Ved sida av utdanning frå Universitetet i Bergen og masterutdanning frå Universitetet i Århus, har ho bak seg ein brei og anerkjend kunstnarleg praksis. Solrun Toft Iversen arbeider med eit stort og særs verdfullt nettverk av forfattarar, regissørar og skodespelarar og er godt orientert i scenekunstfeltet. Saman med si inngåande kjennskap til teaterverksemd på Vestlandet, gir det henne dei beste føresetnader for å løfte fram ei nynorsk scene i regionen.

Han peikar på Toft Iversen si breie erfaring og hennar posisjon i fagmiljøet som sentralt for styret sitt val. Dette reknar vi som særleg verdfullt når teateret no skal profilere seg frå sin nye arena i Bergen, seiar han.

- Eg ser med stor glede fram mot å få leie Hordaland Teater, seier Solrun Toft Iversen. Teateret står framfor ein spanande og avgjerande fase med flyttinga til Logen i Bergen sentrum. Arbeidet med å utvikle ei tydeleg nynorsk scene på Vestlandet er ei oppgåve eg vil ta fatt på med takksemd, ambisjon og i samarbeid med gode krefter. Solrun Toft Iversen vil vere ansvarleg for repertoaret frå og med hausten 2017.

For nærare opplysningar kontakt styreleiar Pål W. Lorentzen, tlf. 992 66 835 og Solrun Toft Iversen tlf. 952 95 876.

Foto: Poul Iversen