a a a
 

Ledig stilling

Hordaland Teater er eit regionteater som spelar i Bergen og resten av Hordaland. Teateret søkjer å nå publikum i alle aldre med gode og meiningsfulle teateropplevingar. Teatret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Drifta vert i all hovudsak finansiert av Staten og den største eigaren Hordaland fylkeskommune. Budsjettramma i 2018 er på om lag 25 mill.kr. Teateret er bygd opp rundt ein fleksibel kjernestab på 12 fast tilsette og ei rekkje prosjekttilsette på produksjonane. Arbeidsmiljøet er prega av stort engasjement, fleksibilitet og høgt ambisjonsnivå.

Teateret ligg i Bergen sentrum.

Hordaland Teater søkjer mellombels tilsetjing som:

AVDELINGSLEIAR TEKNISK PRODUKSJON OG DRIFT

Avdelingsleiaren er øvste leiar for den tekniske gjennomføringa av Hordaland Teater sine produksjonar.

Ansvarsområde:

  • Planlegge dei tekniske sidene av alle framsyningar, gjestespel, arrangement og aktivitetar knytt til desse
  • Teknisk og økonomisk ansvar for teateret si scenetekniske utrusting, inklusiv vedlikehald- og investeringsplanar
  • Koordinere og leie teateret sitt arbeid i samband med rigg og avvikling av framsyningar og arrangement
  • Planlegge dei daglege arbeidsoppgåvene i samråd med produksjonsleiar
  • Bidra med teknisk informasjon og vurdering av ressursbehov under utarbeiding av framtidige speleplanar og produksjonsbudsjett
  • Ansvar for teknisk drift av teatersal og teaterbygg og delta i anna relevant teknisk arbeid
  • Mellomleiaransvar for teateret si fagavdeling og ansvar for at den enkelte fagarbeidar har ein utviklingsplan i stillinga
  • Ansvar for HMS-arbeidet innan fagfeltet

Personlege eigenskapar:

  • Resultat- og relasjonsorientert
  • Stor arbeidskapasitet
  • Dokumentert leiarerfaring og evne til å samarbeide

Vi søkjer ein tydeleg leiar som kan bygge eit lag av motiverte medarbeidarar og som maktar å realisere ambisjonane våre innanfor dei rammer som lokalitetar og økonomi set. Rett kandidat vil få ei nøkkelrolle i teaterets sitt planarbeid. Avdelingsleiaren inngår i teateret si leiargruppe, og rapporterer til teatersjef og direktør.

Vi søker ein person med relevant utdanning og erfaring frå teater-/sceneproduksjon.

Stillinga er mellombels – i første rekkje for eit år. Løn etter avtale. Ønska tiltreding snarast.

Kontakt: teatersjef Solrun Toft Iversen (952 95 876) eller direktør Atle Marøen (905 32 006).

Skriftleg søknad snarast, seinast 15. mars 2018 til stilling@hordalandteater.no