a a a
 
eg ringer mine brør

Heddaprisnominasjon til Hordaland Teater!

Pressemelding frå Hordaland Teater 1. juni 2017

Ungdomsframsyninga til Hordaland Teater «Eg ringer mine brør» er nominert til beste ungdomsforestilling 2017. I dag torsdag 1. juni vart Heddanominasjonene offentlege under ei presselansering på Oslo Nye Teater.

Sjølve prisutdelinga finn stad søndag 18. juni kl. 16.30 på Oslo Nye Teaters hovudscene.
-Hordaland Teater er svært glade og stolte av nominasjonen seier teatersjef Solrun Toft Iversen som også var dramaturg for denne produksjonen. Framsyninga vart spelt i Bergen og Hordaland vinteren 2017. Både som opne kveldsframsyningar på Logen og som skuleframsyninga gjennom Den Kulturelle Skulesekken både i Bergen og på turne i Hordaland.

- At det er den nye prisen som særskilt anerkjenner framsyningar for ungdom gjer det ekstra gjevt å være lagt merke til, seier Solrun Toft Iversen. Det er viktig å framheve innsats for å nå dette publikummet, og eg syns vi står saman med svært verdige kandidatar i denne kategorien.

Jona Hassen Khemiri har vore ei sentral stemme i samtidsdramatikken nokre år, og hans dramatikk stimulerer oss alle til å være modige og søke utsagn som verkeleg gjer seg gjeldande i vår tid. Paralellt med vår turne inntraff hendingar som diverre igjen peikar på teksten sin aktualitet. I Stian Isaksen sin regi har framsyninga våga mykje. Og den har fått mykje igjen for det i møte med si målgruppe. Dette skuldast ikkje minst eit sterkt og ope ensemble.

Det var min forgjengar teatersjef Terje Lyngstad som programmerte denne produksjonen og tok kontakt med både regissør, scenograf og meg som dramaturg seier teatersjef Iversen. Det er difor ei stor glede å ta i mot nominasjonen på vegner av heile teateret og teamet bak produksonen.

Hordaland Teater har ei lang tradisjon for å lage gode ungdomsframsyninar med eit aktuelt tema av nyare nordisk dramatikk. I 2012 vant Hordaland Teater Heddapris for «Veggen» i kategorien beste barne- og ungdomsforestilling.

Det er totalt 35 norske scenekunstnarar og framsyningar som Heddajuryen anser å vere ei nominasjon verdig. Årets jury har i sesongen 2016–2017 sett og vurdert til saman rundt 150 norske teaterproduksjonar i 12 ulike priskategoriar.

Heddaprisen er den mest prestisjefulle teaterprisen i Norge og vert årleg delt ut for fremragande prestasjonar innan norsk scenekunst.
Ansvarleg arrangør for Heddaprisen er Norsk teater- og orkesterforening.

OM STYKKET: EG RINGER MINE BRØR

av Jonas Hassen Khemiri
(originaltittel: «Jag ringer mina bröder»)
Omsetjing Maria Tryti Vennerød,
Colombine teaterforlag

«Eg ringer mine brør» er den hylla svenske dramatikaren og forfattaren Jonas Hassen Khemiris eige teaterstykke basert på ein kronikk han hadde på trykk i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010. Etter bombeangrepa opplevde svenske innvandrarar for første gong korleis det var å bli mistenkte for å vere terroristar berre på bakgrunn av korleis dei såg ut. Folk var redde for dei. For kva er normal oppførsel? Kven er ein potensiell gjerningsmann? I 24 intense timar er vi inne i hovudpersonen Amor sitt hovud, der grensene mellom forbrytar og offer, kjærleik og kjemi, fantasi og verkelegheit blir stadig meir utviska. Stykket vil på både ein humoristisk og slagkraftig måte sette fokus på integrering og utanforskap.

PRESSEKLIPP:

Bergens Tidende / Landro:
«Når andre definerer deg»
«Stykket handler ikke bare om fordommer, men like mye om identitet (som i seg selv kan være en krevende øvelse for en innvandrer) og fremmedhet, utenforskap.
Men ikke minst om hvordan andres blikk kan endre det bildet du har av deg selv. I Amors tilfelle kommer det også til uttrykk ved at ulike stemmer ytrer seg i hodet hans. Usikkerheten skapt av andres blikk, er noe vi alle utsettes for, i varierende grad, og noe ikke alle takler like godt. På sitt sterkeste og beste er stykket nettopp i behandlingen av den tematikken.»
«Samspillet mellom de fire er også av godt merke»

Pressefoto i høg oppløysing kan lastast ned frå hordalandteater.no/presse
Kontaktinformasjon:
Hordaland Teater v/ teatersjef Solrun Toft Iversen, teatersjef Tlf: 952 95 876 solrun@hordalandteater.no
NTO v/Marianne Dyrnes Vallat, tlf. 980 46 777, e-post marianne@nto.no