a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa handlar om korleis Hordaland Teater samlar inn og brukar personopplysningar om deg. Vi vil berre bruke dine personlege data til å handtere ditt kundetilhøve og for å levere dei tenestene du har bestilt frå oss. Alle personopplysningar vert samla, lagra, handsama, utlevert og makulert i samsvar med Lov om behandling av personopplysninger og EU sin generelle personvernforordning (GDPR). Personopplysningar er data og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson. Det kan vere namn, bustad, telefonnummer, e-postadresse og IP-adresse, eller ein kombinasjon av desse som gjer det mogleg å få kjennskap til kven som er personen bak dei ulike dataa.

1. Handsamingsansvarleg

Hordaland Teater ved teatersjef er handsamingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar.

2. Kvifor samlar vi inn personopplysningar?

Vi samlar inn personopplysningar for å kunne levere deg som kunde gode tenester og kunne tilpasse tenestene og vidareutvikle dei, og samstundes kunne sende deg relevant informasjon i samband med våre teaterproduksjonar.

3. Korleis brukar vi dine personopplysningar?

  • Billettkjøp: Når du kjøper billett hos oss må du oppgje namn, e-postadresse og mobilnummer. Vi brukar informasjonen for å handsame ordren din, ta betalt og gje deg kundestøtte. Vi sender deg e-postar med bestillingsstadfesting og billettar som PDF. Vi lagrar informasjonen for at vi skal kunne komme i kontakt med deg ved eventuelle endringar i samband med framsyninga du har kjøpt billett til, til dømes avlysing eller endring av speletid. Vi sender også relevant informasjon i samband med framsyninga, til dømes introduksjonar eller samtalar i etterkant. Vi brukar billettsystemet Eventim.
  • Nyhendebrev: Du kan abonnere på nyhendebrevet ved å melde deg på via nettsida vår eller billettsystemet. For å kunne sende nyhendebrevet elektronisk til rett mottakar må vi lagre namn og e-postadresse. Desse opplysningane lagrar vi i ein eigen database. Vi brukar systemet MailChimp. Vi deler ikkje opplysningane med andre og slettar dei når du avsluttar abonnementet ditt. Opplysningane brukar vi berre til å administrere utsending av nyhendebrev. Du kan sjølv melde deg av, enten via nettsida eller ei lenkje i nyhendebrevet. Vi sender ut nyhendebrev til våre abonnentar ca. 1 gong per månad.
  • Statistikk: Vi utarbeider ulike statistikkar på bakgrunn av anonymisert informasjon frå billettsystemet for å finne ut kven våre kundar er, kva type billettar dei kjøper, når dei kjøper billettar m.m
  • Når du besøker våre nettsider vert IP-adressa di registrert. Denne knytar vi ikkje direkte til deg som brukar, men til statistikk som kor mange som besøker sidene våre, kva nettsider dei kjem frå og varigheit av besøket.

4. Korleis deler vi dine personopplysningar med andre:

Vi deler i utgangspunktet ikkje personopplysningar med andre.

Vi kan utlevere personopplysningar til norsk politi eller anna offentleg mynde dersom vi får førelagt eit beslagsvedtak, rettsleg kjenning eller anna tilsvarande krav om utlevering av informasjon.

5. Dine rettar

Du har rett til innsyn i eigne opplysningar. Dersom personopplysningar er uriktige kan du be Hordaland Teater rette opplysningane. Du kan også krevje at alle våre opplysningar om deg skal kunne slettast på oppfordring så lenge vi ikkje er lovpålagt å lagre disse.

Dersom du seier opp ditt abonnement på vårt nyhendebrev, vil e-postadressa di straks bli sletta.

Hordaland Teater har reglar og rutinar for vern av personopplysningar. Våre medarbeidarar og databehandlarar som har tilgang til opplysningar om deg, skal berre bruke desse opplysningane i samsvar med denne erklæringa og personvernlovgivinga.

Dersom du har spørsmål eller innvendingar til korleis vi handsamar dine personopplysningar, ber vi deg ta kontakt med oss på e-post: publikum@hordalandteater.no.

6. Informasjonskapslar (cookies)

Hordaland Teater brukar informasjonskapslar (cookies) til å optimalisere nettstaden for brukaropplevinga. Ein informasjonskapsel (cookie) er ein liten kode som vert lagra som ein tekstfil på pc-en eller mobilen din. Den kan oppbevare informasjon om ditt besøk på nettsida og hentast fram att seinare når du besøker nettsida med same digitale einheit.

Kontaktinformasjon

E-post: publikum@hordalandteater.no
Telefon: 55 22 20 20.
Personvernombod: Evy Fischer, tlf: 91 101 788.