a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Nils Økland Band

«Lysning i Logen» konsert laurdag 24. februar

Nils Økland er ein av musikkens nyfikne vandringsmenn, lydhøyr og alltid på leit. Han søkjer og finn klangar få har henta fram før han. Ofte er det i hardingfela han finn klangane.

Musikken på Øklands siste CD «Lysning» er mykje; original, subtil på samme tid minimalistisk og storslått – men aller mest er den gripande vakker. I sitt samspill er musikarne samstundes på leit og intenst tilstades. Kritikarne har overgått kvarandre i godord og seksarne har hagla:

«Disse musikerne styrer uanstrengt mot et felles mål, selv når de improviserer. Målbindene vakkert, terningkast 6» Arild R. Andersen, Aftenposten
Les heile meldinga her

«Vakre, store lydbilder». 6/6» Petter Larsen, Bergens Tidende
Les heile meldinga her

Andre:

Folkemusikk

Jazz i Norge

Aftenposten har det med på lista si over beste album frå 2017
Les her

Velkommen til ei sein laurdagsstund utanom kvardagen med Nils Økland (feler), Sigbjørn Apeland (trøorgel), Rolf Erik Nystrøm (saksofoner), Mats Eilertsen (bass) og Per Oddvar  Johansen (perkusjon). Konserten arrangeres av Vestnorsk Jazzsenter i samarbeid med Folkemusikklubben Columbi Egg og Hordaland Teater.