a a a
 
Namnet

Namnet

Av Jon Fosse

Gode kritikkar etter premieren 21.september:

Terningkast fem!  Dagbladet  «Fruktbar formidling av kommunikasjonsvansker» «Forestillingen kan beskrives som en sammensmeltning av urolig stagnasjon og stridig humor, utålmodig bitterhet og skjør forventning på vei over i resignasjon.»  Lillian Bikset (les heile kritikken) NB: Krev abonnement for å lese artikkelen

Terningkast fem! Bergensavisen «Fastlåst. Dystert. Namnet viser oss en familie uten kontakt med hverandre.» Olav Gorseth (les heile kritikken)  NB: Krev abonnement for å lese artikkelen

Terningkast fire! Bergens Tidende: «Namnet» er et relasjonsdrama der forholdet mellom personene, ikke deres psykologi, er det som utforskes. Jan H. Landro (les heile kritikken

Vi følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. «Namnet» er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen etter at nokon skal bry seg om ein.

Stykket stiller mange spørsmål. Kor langt må det gå før vi får sagt det som ligg oss på hjartet?

Er det alltid rett å seie sanninga, om det som har hendt ligg langt tilbake i tid?

Er liva våre berre tid som passerer?

Gjennom å plassere enkle personar i avgjerande situasjonar seier Fosse noko allment og vesentleg om det moderne mennesket.

Les meir om stykket og spørsmåla det tek opp i vårt online magasin.

«Namnet» hadde urpremiere på Den Nationale Scene under Festspillene i Bergen 27. mai 1995. Det fekk Ibsenprisen for årets beste norske drama.

Foto: Odd Mehus