a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Mono

Monologar med vestlandsk vri

Monolog = einetale. Kunsten å stå åleine på scena, å tale heilt åleine.

Regissør Jeff Pedersen har saman med åtte skodespelarar utforska kva einetale kan vere når det gjeld tekst, sjanger og uttrykk. Dei har tatt for seg tematikken: «Vestlandsdramatikk». Kva er det vestlandske? Finnes det noko særskild med det, ein eigen stemning?

Resultatet av denne utforskinga visast no på «Mono» – monologkveld på Hordaland Teater. Skodespelarane har sjølv fått i oppgåve å finne ein tekst som dei assosierer med tema. Dei vil ta oss gjennom ulike tekstar, frå gamle kjente dramatikarar, til nye, og kanskje uoppdaga?

I etterkant av monologvisningane inviterer vi teatersjef Solrun Toft Iversen til ein samtale med regissør Jeff Pedersen om vestlandsdramatikk og vestlendingen – kva er dette? Korleis jobbar ein for å finne vestlandsdramatikarar? Og kan ein eigentleg finne det vestlandske? Jeff Pedersen, ein tilflyttar frå Amerika, no busett i Stongfjorden i Sogn og Fjordane, – kva tankar gjer han seg om det vestlandske og det å skape teater mellom fjord og fjell?