a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Mitt vestland på kviss og tvers

Me vestlendingar er uløyseleg knytte til ferjekaiar, fjellovergangar, bruer, smale vegar og breie bubilar.
I serien «Mitt vestland på kviss og tvers» med Halvor Folgerø kan du teste dine eigne kunnskapar om landsdelen vår, og du får møte ein kjend vestlending.

Til denne første kvelden har Halvor invitert musikar og trekkspelvirituos Heine Bugge (kjent som Kleine Heine i polka- og jodleduoen Polkabjørn og Kleine Heine).

Etterpå blir det kviss. Om ferjekaiar, fjelltoppar og bruer. Om smale vegar og djupe fjordar. Om songane til Bjørn Eidsvåg og bøkene til Frode Grytten. Kort sagt alt som knyter oss vestlendingar saman.
Det blir vestland, det blir trekkspel, og kanskje blir det salmesong?

Torsdag 25. april kl. 20.30 i Logen Bar