a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Min venn fascisten

Ein satirisk musikal

Min venn fascisten er ein hylande morosam musikal – som har hatt stor suksess i Sverige.

I samarbeid med Hordaland Teater har Teater Ibsen henta inn eit stjernelag av skodespelarar, med Lars Lillo Stenberg i spissen som nazisten Fridolf.

Det er sommar. Seks venner er samla for sommarfest på brygga. Livet smiler. Men idyllen slår sprekker når politisk usemje mellom vennene siv til overflata: Er det eigentleg best med offentlege skular? Burde helsevesenet privatiserast? Kva meiner vi eigentleg om overvektige?
Eller fattige?

Festen får ein brå og uventa vending når ein mann i naziuniform plutseleg dukkar opp. Han har med heimebakt kake, ferskpressa eplesaft – og er i det hele tatt ein utruleg hyggeleg fyr…
Kven er denne mannen? Kvifor er han så glad? Og kvifor i alle dagar er han iført naziuniform?

Gjer deg klar for årets frekkaste og mest underhaldande musikal med deilig feelgood musikk og med sjølvaste Lars Lillo i ei rolle du garantert ikkje har sett han i!