a a a
 

magnet

«Eg er her på denne planeten, på denne store jordmagneten. Har du ein magnet i kvar hand, kan du merke at like polar skyv kvarandre bort og ulike polar tiltrekkjer kvarandre.»

I Magnet får publikum vere med på den indre reisa ein gut gjer for å forstå sitt eige liv på jorda. Han spør seg kvar han er og kvar han skal. Han undrar seg over verdsrommet, tyngdekrafta, magnetkreftene og livets gang i plante- og dyreriket. Naturen har ulike krefter som bryt ned og byggjer opp, slik tilhøve mellom menneske også kan endre seg.

Guten har ein klok ven i bestefar, men kor lenge vil han behalde bestefar? Og korleis skal det gå når han får ei ny veslesøster? Magnet er ein samarbeidsproduksjon mellom Hordaland Teater og Cellista Productions.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

foto fra forestillinga Magnet foto fra forestillinga Magnet foto fra forestillinga Magnet foto fra forestillinga Magnet foto fra forestillinga Magnet foto fra forestillinga Magnet