a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Ledig stilling

Hordaland Teater (Det Vestnorske Teateret, frå 1. 10.19) er eit regionteater som spelar i Bergen og resten av Vestland. Teateret søkjer å nå publikum i alle aldre med gode og meiningsfulle teateropplevingar. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Arbeidsmiljøet er prega av stort engasjement, fleksibilitet og høgt ambisjonsnivå. I 2018 tok teateret over drifta av våre eigne barar, Teaterbaren i foajé og «kulturinstitusjonen» Logen Bar. Logen Bar vert og nytta som arena for teater, musikk, møte og litterære opplevingar.
Teateret ligg i Bergen sentrum.

Hordaland Teater søkjer etter

BARSJEF

Hordaland Teater fokuserer ikkje berre på flinke folk på scena, vi vil knyte til oss gode medarbeidarar i alle posisjonar. Med rundt 220 arrangement i året trengs det dyktige folk i mange ulike roller. Som barsjef på Hordaland Teater kjem du inn i eit spennande, dynamisk og kreativt miljø med tilsette som driv med teater, musikk, kunst og kultur i og utanfor huset.
Teateret søkjer no etter ein barsjef som vil fungere som eit bindeledd mellom administrasjonen og bardrifta. Stillinga som barsjef er fast og 100% der den administrative delen vil vere om lag 40%. Resten av tida vil hovudsakeleg gå med til arbeid som bartendar på kveldstid og i helger.
Vi leitar etter ein person med gode leiareigenskapar, som har vilje til å stå på og evner å motivere andre. Vi ønsker ein barsjef med lang erfaring frå bardrift og som set ein høg fagleg standard for bardrifta. Den vi leiter etter må kunne sjå heilheita i den daglege drifta på teateret og ikkje vere redd for å brette opp ermane og få skit under naglane.

Barsjefen sine oppgåver vil mellom anna innebere:

  • Ansvar for varelager og bestilling
  • Sette opp vaktlister og sørge for at vi til ein kvar tid er rett bemanna med bartendarar
  • Overordna oppfølgingsansvar for bardrifta frå rutinar til vareteljing og oppgjer.
  • Fagleg ansvar for barpersonalet (frå tilsetting og opplæring)
    Vere ansvarleg for mindre arrangement og koordinere verksemda mot teateret sine aktivitetar

Til stillinga søker vi en person som:

  • Har erfaring frå og særleg god kjennskap til bardrift
  • Oppfyller kriteria til å vere skjenkehavar sin erstattar
  • Har evna til å leie og motivere andre
  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Kan takle høgt tempo, har stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner
    I tillegg er det ønskeleg med kunnskap og interesse for teater og anna kulturliv, samt praktisk og økonomisk sans.
    Løn etter avtale. Ønska tiltreding 12. august 2019.
    Kontakt: direktør Atle Marøen (905 32 006), atle@hordalandteater.no.

Send søknad med cv snarast, seinast 27. mai 2019 til stilling@hordalandteater.no