a a a
 
Lampefeber - Helge Jordal

Lampefeber

Kva gjorde du med livet ditt?

«Lampefeber» er tittelen på Helge Jordal si store jubileumsframsyning, som har premiere i Logen Teater på hovedpersonens 70-års fødselsdag onsdag 17. februar 2016.

Framsyninga er basert på Helge Jordals liv, hans tankespinn rundt skodespelarfaget og hans folkekjære roller gjennom ei lang karriere.

Vi er alle skodespelarar på livets scene. Vi speler alle rollene våre så godt vi kan, men vi er alle redde for å bli avslørte, at vi ikkje speler godt nok, at vi eigentleg er ubrukelege, at vi til slutt må stå til rette og få vår dom!

Skodespelaren får sin dom, ikkje av Vår Herre, men av Knappestøyparen!

Men vil vi eigentleg støypast om?

Helge Jordal er ein bauta i norsk skodespelarhistorie. Ein entertainar og formidlar som heile Norge elskar. Sist gjennom einmannsframsyninga ”Førstereis”, som har blitt spilt for fulle hus over heile det langstrekte landet vårt.

Helge har samla laget frå ”Førstereis” for å skape jubileumsframsyninga ”Lampefeber”: regissør Lasse Kolsrud og manus-/tekstforfattar Morten Lorentzen.

Jan Eggum har skrive musikken, som seg hør og bør når byens store son skal feirast! Framsyninga blir spelt frå onsdag 17. februar 2016.

Flotte kritikkar:

BT Terningkast 5: «Jubilant full av gjøglerglede» (Les kritikken)

BA Terningkast 5: «;En heidundrende scenemaraton fra Bergens store skuespiller, en hjertevarm bursdagsgave fra en sjenerøs 70-åring»

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen