a a a
 
Bjørn Sortland

«KVA TRUR DU DÅ?»

I samarbeid med Hordaland Teater inviterer forfattar Bjørn Sortland denne våren til samtalekveldar, kor han stiller ein gjest det store spørsmålet: Kva trur du då?

Snakk om tru og store eksistensielle spørsmål foregår ofte i rom der ikkje alle kjenner seg heime. Vi ønskjer å ta denne samtalen i teateret, og utfordra det noko ulne dogmet om at «tru høyrer berre privatlivet til». Heile verda er for lengst komme til Norge, og ingen institusjon forvaltar no åleine det folk trur, eller ikkje trur på. Ambisjonen er å få til ein lågterskel-kveld med impulsiv og uformell samtale. Onsdag 14.mars møtes Bjørn og Karoline for å snakka om tvil og tru. Karoline Krüger er skodespelar, komponist og songar. Ho har i dei siste åra gjort mange spennande prosjekt i skjæringspunktet mellom dei tre, bl.a med det kritikerroste ensemblet Statsteatret som gjesta Hordaland Teater i fjor haust. I vår er ho aktuell med eit nytt albumprosjekt med tekstar til dikteren André Bjerke: «Labyrinter!».

På sjølvaste fredag den trettande mars møtes Bjørn og Bjarte for å snakka om tvil og tru. Bjarte Hjelmeland kjenner me som skodespelar, musikar, komikar og ikkje minst som tidligare teatersjef på Den Nationale Scene. I de siste åra har han hatt fokus på eiga solo-karriere og gjort fleire roller for film og TV «Kva trur du då?» er ein del av Hordaland Teater sitt «Nattsvermar» - konsept i Logen der vi tilbyr noko ekstra utover teater. Det kjem fleire samtalar i vår, så følg med!

Foto av B. Sortland: Hordaland Teater
Foto av B. Hjelmeland: Skjalg Ekeland

Karoline Krüger

Bjarte Hjelmeland