a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Kapital

Av Stig Sæterbakken

Kapital er ei forteljing om ein gamal mann som står i ein David og Goliat – kamp mot stat og marknadskrefter.

Kjøpmannen Ofting har mista forretninga si, og med den summen av det han eingong var, men han kjempar for det siste han eig; si eiga verdigheit. Ingen går fri når Konrad langar ut etter verdiane i det kapitalistiske samfunnet. Han refsar kameraderiet mellom stat og kjedegigantar i supermarknadsindustrien. Han går til frontalangrep mot forbrukarane sitt manglande medvit. Han set kvasse spørsmål ved kva skulte interesser som styrer enkeltpersonar sine mogelegheiter i Noreg og kva verdiar som rådar i vår samfunnsmodell.

Korleis svarar han på anklaga om at han med vilje har brent av den eigedommen som staten har lagt beslag i?
Konrad svarar med å tiltale nasjonen Noreg.


Kvart 15. år vil Hadle Reisæter med utgangspunkt i Stig Sæterbakkens roman Kapital skape ei oppsetting som freistar å vekke refleksjon rundt samfunn, kultur og politisk overbevisning. Reisæter vil undersøke korleis problemstillingar knytta til pengemakt og skeivfordeling vert oppfatta og tolka i eit endrande politisk- og sosialt-landskap. Korleis vil hans politiske ståstad endre seg etterkvart som han modnast? Vil han utvikle seg som sin foreldregenerasjon og gå frå å vere ung og radikal til lat og konservativ?

Hadle Reisæter er skodespelar utdanna frå Statens Teaterhøgskole, Khio. Han er fødd og oppvaksen på Lofthus, Hardanger. Hadle har jobba ved Den Nationale Scene i fleire år, samt Rogaland Teater, Agder Teater og Teater Ibsen. Hadle flytta frå sin trygge post ved Den Nationale Scene i Bergen til eplebygda Gvarv, for å kunne leve av sine eigne prosjekt og idear, samt å plante ciderepler, for å ha noko å falle tilbake på når han vert pensjonist. Med støtte fra Kulturrådet har han nå fått høve til å gjennomføre sitt livsprosjekt Kapital som skal gjenoppstå kvart femtande år.

 

Fotograf: Øystein,

Design webtopp: Heidi Fjell