a a a
 
julerosene

Julerosene

Fritt etter Selma Lagerlöf: Legenden om julrosorna

Pressen skriv:

Klassekampen:
«Magisk om nåde»
«Ei umåteleg vakker og sanseleg teateroppleving»
«Berre å lene seg attende og la seg forføre»
« Ei av dei mest komplette teaterframsyningane eg har sett»

Bergensavisen:
«Hordaland Teater gir bergenspublikummet teater om røvere, flerstemt sang og en visuelt slående scenografi av klær til jul» (Les heile artikkelen her)

Omtale

For mange hundre år sidan budde det ei røvardotter langt ute i Gøringeskogen. Her heldt heile familien seg skjult, fordi faren var dømt fredlaus. Dei levde av at faren røva dei forbipasserande i skogen. Men når det ikkje kom nokon, måtte Røvarmor og dei fem ungane ut for å tigge.

Røvarmor gjekk frå gard til gard for å tigge. Ein dag kom ho til eit kloster. Der var det ein vakker hage, men røvarmor hevda ho hadde sett ein enno vakrare hage. Ho fortalte munkane at kvar julenatt forvandla Gøringeskogen seg til den mest fantastiske hage med blomar og bær og ein varme som om det var midt på sommaren. Det var som om paradiset på jorda opna seg denne eine natta om året, til feiring av Jesu fødsel.

Munkane trudde ikkje på ho, forutan ein. Han ville sjå dette underet med sine eigne auge.

Dette er ei historie om tvil og tru, og uansett om ein er kristen eller ikkje, blir ein rørt av magien i denne forteljinga! Scenografien vil bestå av kasta klede, levert i samarbeid med Fretex.  Kostymene er redesigna av Amalie Rosenquist.

foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene foto fra forestillinga Julerosene

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Vokalgruppa Taus og to mannlege songarar vil stå for all musikk, lyd og song.
Både klassiske og moderne julesongar er med.  All lyden vert live og musikalsk leiar i framsyninga er Elin Hestenes frå vokalgruppa Taus. Reny Folgerø skal gje liv til røvardottera og Trond Birkedal har regien. Denne framsyninga er Trond Birkedal sin siste produksjon som teatersjef ved Hordaland Teater. 

Førjul på Stend er ein fin tradisjon mange barn og vaksne  har gleda av i tida før jul. Med denne tradisjonen vil Hordaland Teater gje publikum eit pusterom frå stress og mas i ei travel tid.

«Legenden om  julrosorna» av Selma Lagerlöf er ei julenovelle fleire generasjonar held kjær. Den vart første gong publisert i «En saga om en saga och andra sagor» i  1908. Selma Lagerlöf (1858 – 1940) var ein høgt skatta svensk forfattar som vart internasjonalt anerkjent for barneboka  Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige. Ho fekk Nobelprisen i litteratur i 1909. Flesteparten av hennar historier har ho lagt til sin heimstad i Värmland.