a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Juleønske

I 2017 hadde Juleønske premiere i Logen og ein ny juletradisjon vart skapt. Vi er glade for at vi i 2018 også kan tilby barn og vaksne om å komme i julestemning med oss. Frå 1. desember vert det framsyningar både på dagtid (særskilt for barnehagar og skular) og på ettermiddagen og i helgane for heile familien på bytur!

INFO OM STYKKET:
Aurora og Stella er bestevener. Saman plar dei danse med snøkrystallane som dalar ned på isen på deira hemmelege stad i skogen. Til jul har dei begge ønska seg kvite skøyter. Dei drøymer om kor vakkert det skal bli når isen ligg blank på vatnet, stjernene lyser over dei og dei skal virvle rundt kvarandre i nydelege piruetter. Bestevener for evig.
Men så skjer det noko som riv draumen til Aurora og Stella ned. Dei to jentene vert nøydde til å spørje seg sjølv: Kan ein danse i hjarta til nokon om ikkje er der? Kva kan ein gje når det største ønsket ikkje kan oppfyllast? Kan ein vere bestevener sjølv om ein ikkje er i lag og kan ein ha ei god jul, utan alle ein er glad i?
Bli med inn på Logen og treff Stella og Aurora gjennom Oda Alisøy og Knut Olaf Elvik  si vidunderlege forteljerglede. Etterpå vil vi at du hjelper oss å pynte juletreet vårt med snøkrystallar vi sjølv skal lage av magisk papir. Kven veit kva som kan skje om vi alle pyntar trea våre med gode tankar for nokon som treng det? Trur du dei kan merke det i hjarta sine?

Frå 3 år

BERGENSAVISEN

«I Logen er det vennskap og gode ønsker som skaper julestemning.» Les heile meldinga her

BERGENS TIDENDE

«Juleønske er en enkel, men likevel forseggjort forestilling. Ved hjelp av den enkle filmingen og blandingen av spill og dukker formidler de en kort, men viktig historie opp mot jul. Etter forestillingen får ungene også være med på å klippe snøkrystaller som de kan henge opp på juletreet der de kan sende noen en kjærlig tanke.»

Les heile meldinga her

Bileta er frå framsyninga i 2017 – då Ljudmil Nikolov spelte saman med Oda.

Foto: Poul Iversen