a a a
 
Belle Gunness

Juleønske

Kjenner du nokon som du trur ville bli glad for eit juleønske? Nokon som treng at du sender dei ein ekstra kjærleg tanke no som vi alle gler oss så veldig til jul?

Aurora og Stella er bestevener. Saman plar dei danse med snøkrystallane som dalar ned på isen på deira hemmelege stad i skogen. Til jul har dei begge ønska seg kvite skøyter. Dei drøymer om kor vakkert det skal bli når isen ligg blank på vatnet, stjernene lyser over dei og dei skal virvle rundt kvarandre i nydelege piruettar. Bestevener for evig.

Men så skjer det noko som riv draumen til Aurora og Stella ned. Dei to jentene vert nøydde til å spørje seg sjølv: Kan ein danse i hjarta til nokon som ikkje er der? Kva kan ein gje når det største ønsket ikkje kan oppfyllast?

Kan ein vere bestevener sjølv om ein ikkje er i lag og kan ein ha ei god jul, utan alle ein er glad i?

Bli med inn til Førjul på Logen og treff Stella og Aurora gjennom Ljudmil Nikolov og Oda Alisøy si vidunderlege forteljerglede. Etterpå vil vi at du hjelper oss å pynte juletreet vårt med snøkrystallar vi sjølv skal lage av magisk papir. Kven veit kva som kan skje om vi alle pyntar trea våre med gode tankar for nokon som treng det? Trur du dei kan merke det i hjarta sine?

Vi håpar barn i Bergensområdet vil komme til juleforteljing og verkstad hos oss i desember. Kanskje kjenner du nokon som ville være veldig glad om dei fekk ein eigen magisk snøkrystall med ditt heilt spesielle juleønske i? Eit ønske som seier, GOD JUL!

Beste helsing oss på Hordaland Teater  

 

 

BERGENSAVISEN

«I Logen er det vennskap og gode ønsker som skaper julestemning.»

Les heile meldinga her

 

BERGENS TIDENDE

«Juleønske er en enkel, men likevel forseggjort forestilling. Ved hjelp av den enkle filmingen og blandingen av spill og dukker formidler de en kort, men viktig historie opp mot jul. Etter forestillingen får ungene også være med på å klippe snøkrystaller som de kan henge opp på juletreet der de kan sende noen en kjærlig tanke.»

Les heile meldinga her

 

Foto: Poul Iversen