a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 
9

Inkognito

GJESTESPEL FRÅ DET NORSKE TEATRET 13. OG 14. APRIL

Gode kritikkar etter premieren i Oslo:

 «Et utstillingsvindu for skuespillerkunst»
– Aftenposten

«En rørende og til tider morsom forestilling»
– Dagsavisen

«Fengslande lappeteppedrama om minne og identitet»
– Dag og Tid

 

Kan hjernen fortelje oss kven vi er?

I 1955 ligg den nyleg avlidne Albert Einstein på obduksjonsbordet. Patologen Thomas Harvey står over liket til geniet Einstein og utan å tenkje på konsekvensane, tar han hjernen hans, kuttar han opp i små bitar og konserverer dei på glas. Dette fører han ut på eit livslangt søk. Finst sanninga om Einstein sitt geni på desse konserveringsglasa? Finst summen av eit menneske å spore i dette vevet?

Dette er utgangspunktet for «Inkognito» som flettar saman tre forteljingar om identitet og minne. Kva er eit menneske og korleis heng det saman med det vi lagrar i hjernen vår?

Nick Payne (f. 1984, Storbritannia) skriv engasjerande og medrivande. Stykka hans er ofte basert på aktuelle tema frå vitskapen kopla med eit klokt og skarpt blikk på det menneskelege tilværet. Menneska vi møter i «Inkognito» er basert på verkelege liv og deira opplevingar reflekterer korleis menneskeleg identitet og vitskapsutviklinga heng saman.<

Det Norske Teatret gjestar Hordaland Teater med denne framsyninga som har treft eit bredt publikum i Oslo. Med eit stjernelag av sterke skodespelarar og ei fasinerande forteljing ser vi fram til å tilby ei tankevekkjande teateroppleving.

Tre historier vovne saman over ein periode på 60 år undersøkjer tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske.

Princeton, New Jersey. 1955: Thomas Harvey har akkurat gjort ein obduksjon av den nyleg avlidne Albert Einstein. Utan å tenkje på konsekvensane, tar han hjernen hans, kuttar han opp i små bitar og konserverer dei på glas. Han håpar å kunne løyse gåta om kvifor Einstein var eit geni gjennom å finne fysiske bevis for dette i hjernen. Dette fører han ut på eit livslangt søk etter ei flyktig sanning som kanskje ikkje finst. Ei vandring der den einaste trufaste følgjesveinen er professorens hjerne.

Bath, England. 1953: Henry Maison, knapt 20 år og trulova, lir av sterke epileptiske anfall. Han blir utsett for eit kontroversielt hjernekirurgisk inngrep i håp om å bli kvitt dei. Operasjonen endrar Henrys liv og nevropsykologien (forsking på minnet) for all framtid. Epilepsien forsvinn, men det gjer òg Henrys evne til å lagre nye minne.

London, England. I dag: Martha Murphy er nevropsykolog. Etter ei skilsmisse tek ho radikalt andre val enn ho gjorde før, og erklærer personlegdommen eller “sjølvet” for ein illusjon.