a a a
 
heksestrekar forsidebilde

heksestrekar

Utvikla av alle medvirkande etter idé av Ljudmil Nikolov

I ei svart/kvit verd lever ein konge med si prinsesse, og ei heks med si kråke. Prinsessa sin song gir kongen makt over folket, men så ein dag oppdagar prinsessa leiken gjennom ein sommarfugl......

Heksestrekar blir fortalt gjennom teikning og musikk. Scenografien er to store teikneblokker og rekvisittar, og karakterar blir til mens du ser på.

Barnet brukar ofte teikneaktivitetar til å bearbeide inntrykk både frå leiken og det verkelge liv. Slik vert Heksestrekar som ei fortsetjing av aktivitetar som barna er godt kjende med.

Ljudmil Nikolov er ein teaterkunstnar som har trollbunde barn i Norge med si fantastiske formidlingsglede i over 20 år. Før det arbeidde han som dokkespelar ved eit stort teater i Sofia i heimlandet Bulgaria. I ”Heksestrekar” har han fått med seg Jan Holden frå Dukkenikkerne.

Gode kritikkar:

«Barneteater av beste merke. Såre enkelt, og såre god. Teater som spiller på og appellerer til barns fantasi» - Jan Landro, Bergens Tidende

”Overraskande teater med nye kulissar som vart forma undervegs- artig vri på det. Ungane var veldig begeistra. Har ein liten gut som sjølv var med, og han elska teateret!! - publikum

”En magisk forestilling. Elevene likte forestillingen veldig godt. Var spennende når historien viste seg ved hjelp av tegning. Vi voksne likte den også veldig godt. God formidling, spennende med kombinasjon av skuespill, tegning og lyd. ” - publikum

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

foto fra forestillinga Heksestrekar foto fra forestillinga Heksestrekar foto fra forestillinga Heksestrekar foto fra forestillinga Heksestrekar foto fra forestillinga Heksestrekar foto fra forestillinga Heksestrekar foto fra forestillinga Heksestrekar