a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Heim

Kjøp billettar

Ei musikalsk vestlandskrønike, del 1: 1965 – 1975

I første kapittel av Hordaland Teater si nye storsatsing skal vi vitje fylket vårt i åra mellom 1965 og 1975. Eit imponerande lag av sterke vestnorske stemmer har tatt imot utfordringa om saman å skrive fram eit bilete om kven vi var då. Kva rørte seg i Hordaland, i hordalendingen sitt blikk på seg sjølv og på verda omkring oss? Vi vil invitere publikum med til å minnast hendingane, songane og livet den gongen. I eit leikent teaterspråk flyttar vi oss frå Mongstad til Ulvik, frå Askøyferja til Vossevangen og midt i alle hendingane står Voksne Herrers Orkester med eit solid soundtrack som tek oss tilbake.

Ver med frå starten i denne krønika som vil levere nye kapittel kvart år framover på Hordaland Teater.

TERNINGKAST 6 I BA!

«Det er bare å ta av seg hatten»

les heile meldinga her (abo-artikkel)

 

TERNINGKAST 5 I BT!

«HEIM skriv seg inn i sjela til vestlendingen»

les heile meldinga her (abo-artikkel)

 

AVISA HORDALAND

«Strålande vestlandskrønike»

les heile meldinga her (abo-artikkel)

 

STRILEN:

«Dristig og vellukka»
les heile meldinga her (abo-artikkel)

DAGBLADET:

«Musikalsk minnebok med lydspor fra livet»
les heile meldinga her (abo-artikkel)

PROGRAM:

1. akt:

Opning 
Med: Alle

1 Europatoppen, Lofthus, 4. november 1971. Av: Ragnar Hovland og Finn Tokvam
Med: Alle

2 Mongstad, kvelden 20. april 1969. Av: Finn Tokvam
Med: Claus, Ljudmil Sigrid, Sigurd,

3 På bussen, 18. desember 1975. Av Bjørn Sortland
Med: Anne og Claus

4 Paris, Kleppestø, fergekaien på Kleppestø, 30. mai 1971. Av: Marie Amdam
Med Anne og Sigurd

5 Dans på Landro, 17. mai 1975 kl. 21.40. Av: Solrun Toft Iversen
Med: Alle

6 Isdalskvinna, tida omkring søndag 29. nov 1970. Av: Mari Hesjedal
Med: Anne (Isdalskvinna) og alle

7 Polferd, Jondal, 7. april 1968. Av: Ragnar Hovland og Finn Tokvam
Med: Claus og Sigurd

8 Ei lita forteljing om Åse, Ulvik, 27. august 1965. Av: Ingrid Jørgensen Dragland
Med: Anne og Sigrid

9 Ho og han i Odda, laurdag 30. april 1966. Av: Ingrid Jørgensen Dragland
Med: Sigrid og Sigurd

10 Fleichers hotell, 13. Mars 1970. Av: Sigrid Moldestad
Med: Claus og Sigrid

 

2. akt:

11 Heim til jul, Kvanndal​ ​kai, 23. desember​ ​1969. Av: Marit Eikemo
Med: Alle

12 Konfirmasjonstale, Mongstad, 9. mai 1970. Av: Finn Tokvam
Med: Sigurd

13 Juletrefest, Tofterøy, 28. desember 1973. Av: Solrun Toft Iversen
Med: Claus og Sigrid

14 Månelanding, Eikelandsosen, 20. juli 1969. Av: Ragnar Hovland
Med: Sigurd, Claus, Anne og Sigrid

15 Eg vil helst bli Flyvertinne, Etne, 12. mai 1967. Av: Ingvild Jørgensen Dragland
Med: Anne

16 S.O.S., Bømlo, laurdag 26. juli 1975. Av: Bjørn Sortland
Med: Claus, Sigurd, Ljudmil og Sigrid

17 Brevet, Bergen, 14. oktober 1966. Av: Finn Tokvam og Ragnar Hovland
Med: Claus og Sigrid

18 Garderoben, Odda stadion, oktober 1973. Av: Frode Grytten
Med: Sigurd

Avslutning 
Med: Alle

Radioinnslaga er skrive av Linda Børnes, Finn Tokvam og Frode Grytten. Lest av Bård Ose, Halvor Folgerø, Tony Ågotnes, Jo Grunde Straume Gudbrands, Bjørn Sortland, Christer Hjelmeland, Frode Grytten, Rolf Øvretveit, Jon Eirik Sira og Finn Tokvam.

 

Foto: Andreas Roksvaag