a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Haugtussa

Nasjonaleposet av Garborg slik du aldri har sett det!

Hordaland Teater er glade for å presentere suksessframsyninga «Haugtussa» frå Det Norske Teatret på gjestespel til utvalde kulturhus i Hordaland

Ane Dahl Torp har tatt for seg Arne Garborgs store og medrivande diktsyklus om Haugtussa. Ho har klipt og limt i teksten, og no vil ho kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Sjur Miljeteig. Saman har dei laga eit musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen.

Haugtussa tar for seg det undermedvitne, driftene og villskapen i menneskesinnet. Det handlar om gjetarjenta Veslemøy, som ein grytidleg morgon bli oppsøkt av den avdøde søstera si. Ho fortel at Veslemøy har ein tung veg framfor seg – for ho er synsk, dømd til å sjå det andre ikkje ser. I løpet av framsyninga møter ho daudingar og underjordiske, vonde krefter både i og utanfor seg sjølv. Og ho møter kjærleiken for første gong – og den store smerta. Men i berget lokkar Bergekongen, som lovar henne alt godt…

 

Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur. Ekteparet Dahl Torp/Miljeteig har laga ein eksplosiv og suggererande framsyning som har hausta glitrande kritikkar.