a a a
 

Haugtussa

Nasjonaleposet av Garborg slik du aldri har sett det!

Hordaland Teater er glade for å presentere suksessframsyninga «Haugtussa» frå Det Norske Teatret på gjestespel til utvalde kulturhus i Hordaland

Ane Dahl Torp har tatt for seg Arne Garborgs store og medrivande diktsyklus om Haugtussa. Ho har klipt og limt i teksten, og no vil ho kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Sjur Miljeteig. Saman har dei laga eit musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen.

Haugtussa tar for seg det undermedvitne, driftene og villskapen i menneskesinnet. Det handlar om gjetarjenta Veslemøy, som ein grytidleg morgon bli oppsøkt av den avdøde søstera si. Ho fortel at Veslemøy har ein tung veg framfor seg – for ho er synsk, dømd til å sjå det andre ikkje ser. I løpet av framsyninga møter ho daudingar og underjordiske, vonde krefter både i og utanfor seg sjølv. Og ho møter kjærleiken for første gong – og den store smerta. Men i berget lokkar Bergekongen, som lovar henne alt godt...

Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur. Ekteparet Dahl Torp/Miljeteig har laga ein eksplosiv og suggererande framsyning som har hausta glitrande kritikkar.

«Intimt, intenst og vakkert. En forestilling preget av Miljeteigs musikalske tyngde i improvisert musikk, og Torps lekende evne som skuespiller. Det lyriske skifter om kapp med det rå og rocka (…) en betagende opplevelse. Duoen Torp/Miljeteig har hver sin finstemte kunstneriske nerve, som i dette tilfellet har generert en samkjørt tone» VG (terningkast 5)

«Røff, poetisk og personlig. (…) Lekent og frekt. (…) Suggestiv konserthappening. Forunderlig vakker, sår og samtidig røff forestilling. Ane Dahl Torp har en viktig historie som hun vil dele med oss» Aftenposten

«rent kunstnerisk overskudd (…) Haugtussa når nye generasjoner (…)når Miljeteigs trompet skaper romjulsstemning eller musikken og Torps fortvilelse eksploderer i kaskader av rytmer og suggesjon, er det nær magi» Dagsavisen

«Skranglete, mørkt og vakkert. En moderne versjon av Haugtussa, klar og samtidig underlig» Dagbladet

«For publikummere som kjenner teksten kan iscenesettelsen løfte fram nyanser man ikke har sett før (…)Haugtussa bærer preg av kjærlighet i alle ledd» Klassekampen

«Viktig og kunstnerisk gjennomarbeidet eventyr for voksne. Ane Dahl Torp trollbinder oss. Sjur Miljeteigs musikk maler stemninger og tryller fram årstider. En levende og viktig forestilling av i dag» Vårt Land

Foto: Dag Jenssen

foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa foto fra forestillinga Haugtussa