a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Forteljardyst

Kven leverer den beste historia?

Rundt oss finst det eit mylder av opplevingar og historier, og alle kjenner me vel nokon som er skikkelig god på å fortelje. Forteljardyst er ein konkurranse der vanlege folk i alle aldrar knivar om å levere den beste historia! Seks forteljarar er plukka ut og er klare for dyst! Arrangementet er inspirert av StorySlam med eit ynskje om å hylle dei gode kvardagsforteljingane.

Christine Hope skal leie oss gjennom konkurransen, publikum er i salen for å heie fram, og ein sjenerøs jury hjelper oss med å kåre vinnaren! Men først og fremst er me saman rundt leirbålet for å dele den gode historia.