a a a
 
finn erix

Finn-Erix basarkonsert

Finn-Erix er endelig tilbake der dei høyrer heime! Suksessen frå tidligare år har vore formidabel og gitt populærorkseteret oppdrag innanfor både jazz- og oljesektoren. No tar Finn-Erix med seg husorkester, gjestar og årer, flyttar inn att på staselege og nyoppussa Logen og skjenker Bergen nok ein musikalsk julebasar. I år som i fjor, og i forfjor, og året før det, er basarkonserten lagt til tida før jul, eit mørkt og fyldig alternativ til ei verd full av gløgg.

Kva gjestar dukkar opp på scenen? Kven er årets nisse? Er fruktkorga framleis førstepremie? Dette er spørsmål ein stiller seg. Me lover berre ein ting: topp juleunderhaldning!