a a a
 
scenekunst

Festopning

Hausten er her og vi har pussa og måla heile sommaren. No opnar vi dørene til teaterhuset Logen og inviterer inn i ly for regn og ruskevær. Saman med gode vener vil vi feire at Hordaland Teater har fått eit hus der det vestnorske og nynorske skal danne utgangspunkt for gode forteljingar og teateropplevingar.

Startskotet går 29. september kl 19 og på scenen finn du kjente og kjære vestlendingar som Helge Jordal, Karoline Krüger, Claus Sellevoll, Elisabeth Moberg, Linda Eide, Ragnhild Gudbrandsen og Irene Waage. Kveldens vertskap er Finn Tokvam og teatersjef Solrun Toft Iversen