a a a
 

Kjærleikens Ferjereiser

Ein av dei mest sentrale nynorskromanane gjennom tidene blir musikal!
Kjærleikens ferjereise kom ut første gongen i 1974 og vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Romanen er like aktuell i dag som for 40 år sidan og vert no teken til scena i ein storslegen musikal.

Opplev den største oppsetjinga ved Sogn og Fjordane Teater nokon gong. Hordaland Teater er glade for at vi her har eit turnésamarbeid med SoFt!

Vi følgjer ein forfattars tankar tilbake til ei tid han for lengst er ferdig med. Til Ramvik, denne forblåste plassen som ingen nokon gong har høyrt om. Til eit samfunn som for lengst er forelda. Og menneske han knapt kan hugse. Men sjølvsagt hugsar han dei, når han tenkjer seg om. Han gjer jo det: forelskinga, festen, ferja, kjøkkenet, rutebilkaféen, hybelen, hotellet, regnet? Det helsikes regnet.

Kjærleikens ferjereiser blir ein fest for både auga og øyra, ikkje minst gjennom Henning Sommeros fantastiske musikk.

I Bergen på Logen Teater frå 10. oktober - kjøp bill. her!

Flotte kritikkar etter premieren :

"Skodespelarane tar den heilt ut" NRK

"Alt smeltar saman til ein velregissert heilskap av håp, frykt, lengt og kjærleik" - FIRDA

Frå 10. 10 kan du sjå haustens store musikal i Bergen! Kjøp billettar før det vert utseld.