a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Engelen frå Kobane

Original tittel «Angel» av Henry Naylor

 

Kjempegode kritikkar og 5 på terningen i BT og BA:

Bergens Tidende: Madalena Sousa Helly-Hansen levendegjør «Engelen frå Kobane»  på et svært menneskelig vis» (Abo- artikkel)

Bergensavisen: «Sterkt bilde av en enslig krigssjebne» (Abo- artikkel)

 

Periskop.no: «Engelen frå Kobane evner å tegne et svært virkningsfullt portrett av Syria-krigens virkelighet med et minimum av virkemidler. Det skjer nesten utelukkende gjennom skuespiller Madalena Sousa Helly-Hansens kropp og stemme i rollen som Rehana, en ung kvinnelig soldat i den kurdiske motstandsbevegelsen, People’s Protection Units (YPG).»

Norsk Shakespearetidsskrift «Enhver som kjenner til Syriakrigen vil gjenkjenne de ulike scenariene Engelen frå Kobane skildrer. Barn og unge jenter som holdes som sex-slaver, menneskesmugling, offentlige henrettelser på åpen gate til skrekk og advarsel for de som ikke bøyer seg for IS, eller de som profitterer på krig som oljehandleren i forestillingen. Alle karakterene blir samvittighetsfullt spilt av Madelena Sousa Helly-Hansen. Forestillingen er en monolog fra forfatterens side. Helly-Hansen spiller denne forestillingen med en stadig økende intensitet, i takt med hendelsesforløpet.» (Abo – artikkel).

Dag og Tid: «Rått og sterkt»  «Intenst og nærgåande om krigsgalskap»

I 2014 dukka det opp bilete av ei ung, militært kledd kurdisk jente i sosiale media. Ho heitt Rehana og var jusstudent. Biletteksten fortalde at jenta skulle ha drept over 100 IS-soldatar, i dei harde kampane den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa for fridom i grensebyen Kobane. Biletet av Rehana vart delt fleire tusen gonger, og ho fekk tilnavnet «Angel of Kobane».

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ei myte. Men alt som skjer i historia, har skjedd, og skjer framleis – i verda, i dag. Gjennom dei umenneskelege vala og utfordringane Rehana vert stilt ovenfor, får vi eit tankevekkjande innblikk i kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria. Ein krig som har skapt vår tids største humanitære tragedie, og der halve befolkninga er driven på flukt.

«Engelen frå Kobane» er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor, og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykke har vunne fleire prisar og motteke strålande kritikkar, som eit svært engasjerende og hyperaktuelt drama. Noregspremiere på Hordaland Teater 3. september.

 

Foto: Thor Brødreskift

Les reportasje i Bergens Tidende (abo-artikkel)