a a a
 
Draumkvedet

Draumkvedet

«Jeg begyndte at skjønne at dette kvad kunde gå fra mor til datter og fra far til søn i syv hundrede år, mægte at fylde slegt efter slegt med sin høihet og sin helhetstemning. Det var som jeg så ind gjennem torv og sten til en sunken tid [...]».

Moltke Moe, professor i folkloristikk, ca 1890

Norsk kulturarv anno 2018

Kan ein mellomalderballade bli ei tidsmaskin? Bli med scenekunstkompaniet YMIST. på ei reise i tida og i menneskesinnet.

Mellomalderballaden Draumkvedet er det mest kjende norske eksempelet på såkalla visjonslitteratur. Her møter vi Olav Åsteson som fell i djup svevn, eller transe, på julaftan. I drøyme vandrar han gjennom dødsriket, der han blir sett på fleire prøver. Når han vaknar trettandedagen drar han til kyrkja for å fortelje forsamlinga kva han har opplevd og for åtvare sambygdingane.

Diktet stiller grunnleggande spørsmål om moral og samvit – og held ein spegel opp mot samtida: Kva gjer vi rett og kva vi gjer gale?

Eit dikt på kontinuerleg reise

Det «opphavlege» Draumkvedet blei overlevert munnleg frå generasjon til generasjon i fleire hundre år innan historia blei nedskriven på midten av 1800-talet. Det er samla inn over 100 versjonar, og ingen er like. Scenekunstkompaniet YMIST. er heller ikkje redde for å lage sin versjon, der dei beheld delar av den originale teksten, samtidig som dei legg til nye element frå vår tid. Dramatikar Eirik Fauske har skrive ny tekst, lysdesignarane Evelina Dembacke og Tilo Hahn har fått boltre seg i nytt lysutstyr, medan Maja Nilsen har asfalt som utgangspunkt når ho lager scenografien.

- Vi har sett på diktet som eit skip på kontinuerleg reise, der ulike delar skiftast ut undervegs. Til slutt er det er kanskje ingenting igjen av det opphavlege, men det er det same skipet, seier instruktør Erlend Samnøen, som danna gruppa YMIST. saman med skodespelar Morten Espeland i 2014.

Levande kulturarv

Når YMIST. i 2018 igjen let Olav fortelje si historie, skjer det ikkje i kyrkja, men i ungdomshuset på Nordvang på Vats. Sidan skal framsyninga vidare til Ullensvang, Ulvik, Granvin, Strandebarm, Bergen, Stord og Oslo.

- Forsamlingshusa har hatt ein sentral rolle i norske bygdesamfunn gjennom tidene. Her sitt bryllaup, gravøl og politiske møter i veggane, seier Morten, som sjølv kjem frå Stord.

YMIST. har tidlegare satt opp mellom anna Edda/Voluspå som også turnerte til forsamlingshus med røter i ungdomsrørsla.

- Husa lager visuelt og historisk spennande rammer for scenekunst. Samtidig er høvet til å bidra til aktiv bruk av husa viktig for prosjektet vårt: Vi ønsker å fremme ein levande kulturarv framfor ei konservert og museal form, legg Erlend til.

Portal mellom før og no

YMIST. sin versjon av Draumkvedet peiker på korleis norsk kulturarv aldri har vore statisk, men i stadig utvikling og i samspel med internasjonale impulsar og lokale miljø. I veggane i ungdomshusa og i diktet ligg ulike tider lag på lag. Denne framsyninga lagar ein portal mellom dei.

Vær velkomne til fortidas spegling av vår tid og til eit nytt møte med di eiga historie: Slik ser Draumkvedet ut i 2018.

Draumkvedet av og med YMIST. har premiere på Vats på openberringsdagen 6. januar.

Om kompaniet:

YMIST. vart skipa hausten 2014 av Morten Espeland og Erlend Samnøen. YMIST. har som føremål å produsera scenekunst gjennom å laga eigne produksjonar og ved å tilby kunstnarleg kompetanse til andre.

Både Samnøen og Espeland har dei siste 15-20 åra vore aktive innanfor eit breitt område i scenekunstfeltet i Noreg. I 2015 vart dei nominerte til Heddaprisen 2015 i kategorien Beste barne- og ungdomsframsyning for Den uendelige historie ved Hålogaland Teater, der Samnøen hadde regien og Espeland dramatiserte.

YMIST. har tidlegare produsert Edda/Voluspå (2015) i samarbeid med Nynorskens Hus og Dracula (2016) i samarbeid med Brageteatret.

Om Morten:

Morten Espeland vart fødd på Stord i 1972, og er for tida tilsett i Skuespiller- og danseralliansen. Han gjekk ut frå Statens teaterhøgskole i 1998, og debuterte På Den Nationale Scene same året. Morten var tilknytt Det Norske Teatret frå 1999 til 2012 og har også spela på Nationaltheatret, Riksteatret og Rogaland Teater. Han har medverka omlag 50 ulike sceneproduksjonar og har gjestespela i New York, Bonn, Vilnius og New Dehli.

I 2008 fekk han Heddaprisen for beste birolle for Peter Karpati i Den arabiske natta, og i 1999 vart han nominert i kategorien «Fremragende sceneprestasjon» for Guten i Den 25. timen. Dei seinare åra har han teke fleire kurs i dei fysiske skodespelarteknikkane Viewpiont- og Suzukimetoden med SITI – Company (NYC).

Om Erlend:

Erlend Samnøen (fødd 1978) gjekk ut frå Statens balletthøgskole i 2002 og jobba i fleire år som dansar og koreograf både i det frie feltet og ved ulike institusjonsteater, før han i 2008 debuterte som instruktør med framsyninga Jul i Prøysenland på Trøndelag Teater. Sidan han har arbeid stadig meir med regi, med anna Bør Børson Jr. og Petra von Kants bitre tårer på Trøndelag Teater og Stormen på Haugesund Teater. Dei siste åra har han også etablert seg som operaregissør, mellom anna for Den norske opera og ballett, Operaen i Kristiansund og Ringsakeroperaen.

Om Eirik:

Eirik Fauske (fødd 1982) er dramatikar, scenekunstnar og instruktør utdanna ved KhiO. Han har skrive og regissert fleire eigne verk, mellom anna LIVE - Sorgarbeid (2016) og LINDÅS (2012). Eirik var husdramatikar på Dramatikkens hus i 2013–2015 og har skrive Under barnehagen (2010) som blei nominert til Ibsenprisen og seinare har hatt to premierer i Tyskland. Andre verk i utval: nyskriving av Stormen av Shakespeare for Haugesund teater i 2016 og medforfattar på Bibelen ved Det Norske Teatret (2013).

Morten Espeland Erlend Samnøen Eirik Fauske