a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Det Vestnorske Teateret

HORDALAND TEATER ENDRAR NAMN TIL DET VESTNORSKE TEATERET OG FÅR LØYVE TIL NYBYGG I BAKGARDEN

I generalforsamlinga  25. april 2019 vedtok eigarane at teateret endrar namn til Det Vestnorske Teateret. Dette samanfell ved at vi samme dag har fått vite at klagen vert teken til følgje og byggesaka vil bli godkjend av Bergen kommune. Då vert det endeleg klart for bygging i bakgarden til Hordaland Teater sitt scenehus i Bergen sentrum (Logen).

-Dette er to svært gode gladsaker på ein dag! No kan vi endeleg snart samle både verkstadar, prøve- og spelelokale og dermed få ein effektiv og moderne teaterdrift, seier teatersjef Solrun Toft Iversen. Publikum har teke godt imot eit nynorsk teater i Bergen sentrum og no kan vi krone innsatsen med eit nytt bygg og nytt namn. – Eg gler meg spesielt over den nye biscenen som vi no vil få plass til. Vi vil jobbe hardt for å kunne tilby publikum eit endå rikare og meir variert repertoar når vi no får fleire scener og ikkje minst armslag til å produsere på. Vi kan ikkje kvile heilt på laubæra enno. Vi treng ytterlegare løyvingar for å ta ut potensialet for aktivitet i det fine huset vårt. Eg er også glad for at publikum no endeleg får lettare tilkomst med heis heilt opp til 3. etasje, seier ein glad teatersjef.

Om namnebytte:– Med eit profilert teaterbygg og ein meir spissa strategi mot den vestnorske folkeferda, språket og identiteten ønskjer vi i vårt namneval å signalisere denne nyvinninga i Bergen si teaterverd. Samstundes får ein eit namn som signaliserer teateret sine ambisjonar i den nye fylkeskommunen Vestland og i det meir utvida omgrepet Det Vestnorske, seier teatersjef Solrun Toft Iversen i ein kommentar.

Teateret endrar formelt namn til Det Vestnorske Teateret LL frå no av, men vil marknadsføre seg som Hordaland Teater for alle framsyningar som er planlagt ut 2019. Det er sett i gang eit arbeid for å endre grafisk profil og utsjånad på ny heimeside. Dette arbeidet vil vere avslutta innan 1. oktober.

Det Vestnorske Teateret bygger på tre viktige byggesteinar. I ein nyleg vedtatt strategi for teateret har vi samla oss om tre viktige føresetnadar, seier styreleiar Pål W. Lorentzen: Det første er det nynorske språkmandatet som har vore gjeldande for teateret sidan oppstart. Nynorsk språk opplever ei blomstring innan kulturlivet i desse dagar, og eit nynorsk teater i vestlandet sin hovudstad har ei viktig rolle å spele i denne blomstringa. Det neste er dei vestnorske forfattarane. Vi ønskjer å kunne tilby desse ein heim for sine produksjonar og vere ein fødselshjelpar til å få fram ny nynorsk dramatikk. Vår teatersjef sitt unike nettverk er viktig for ossher. Det siste er dei lange linene til nynorsk scenespråk i Norge. Det Norske Teatret vart skipa i Kristiania i 1912, og vi ønskjer med vårt namneval å knyte oss opp mot den namnetradisjonen som med det vart etablert.

Eit godt val

Språkrådet ved seksjonssjef Daniel Ims (ved seksjonen for språkrøkt og språkrådgivning) uttalar til teateret at: – Namnevalet får full støtte frå Språkrådet.

Jon Fosse seier dette i ein e-post til teateret:- Eg synest Hordaland Teater har fått ei svært godt nytt namn, som nettopp peikar mot den vestnorske identiteten som nynorsken er ein svært sentral del av. Eg gratulerer med nytt godt namn.

Også Marit Warncke i Bergen Næringsråd uttrykker seg positivt om namnevalet: – Jeg synes dette er et riktig og viktig navneskifte i helt rett tid. Teateret er viktig for å styrke vår felles identitet og kultur, ikke bare for Bergen og Hordaland, men for hele Vestlandet.