a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 
fore årstider

Dei fire årstidene

DEI FIRE ÅRSTIDENE

Le quattro stagioni (Dei fire årstidene) er ei samling av fire fiolinkonsertar av komponisten Antonio Vivaldi. Dei vart komponerte i 1723 og er det mest kjende verket til Vivaldi og av dei mest kjende frå heile barokkmusikken. Teksturen i kvart konsertstykke er variert, og kvar av dei representerer ei årstid.

I Hordaland Teater si framsyning er Vivaldis musikkverk gjennomgåande i heile denne ordlause framsyninga. Musikken gjev assosiasjonar til dei ulike årstidene der handlinga i stykket følgjer desse og tek i bruk ulike objekt og rekvisittar for å setje i gong fantasien til barna.

Vi vil gjerne ha di meining om «Dei fire årstidene». Kanskje vart du inspirert og vil sende oss ei teikning av di oppleving av framsyninga? Send oss gjerne teikningar – du kan bli heldig vinnar av teaterbillettar! Vår adresse er:
Hordaland Teater, Fanavegen 247, 5244 Fana
eller mail: post@hordalandteater.no

Har dei vaksne lyst å gje tilbakemelding kan dei gjere det her:
Lik oss på Facebook – eller følg oss på instagram og twitter

Foto : Tor Erik H. Mathiesen