a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Columbi Egg 20 år!

Musikklubbar døyr ofte i sine barneår. Når Folkemusikklubben Columbi Egg no har passert 20 år, skal det derfor feirast! Først konsert. Så tettpakka dansegolv med vals, pols, tango, enkle kjededansar frå Balkan og eigne, deliriske snurretrinn.

Gjermund Larsen har besøkt klubben heilt frå han var tidleg i tjueåra, som solist og som medlem i bl. a. Majorstuen. I trioen sin har han med seg Andreas Utnem (trøorgel, piano) og Sondre Meisfjord (kontrabass). Lyrisk, lett, virtuost. Lysande musikalsk!

The Kuraybers er eit sjumannsorkester med broka opphav og felles kjærleik til musikk frå Balkan. Her vert det trøkk, smell, fart og herlege tonar!

I The Kuraybers møter du Daniel Lazar (fele), Amir Meskovic (trekkspel), Espen Wensaaas (gitar), Ruhi Erdogan (trompet), Greg Miszczyszyn (trekkspel), Bjørnar Kaldefoss Tveite (kontrabass) og Boris Iochev (trommer).

Festkvelden vert leia av Columbi Eggs musikalske vert, Gabriel Fliflet.