a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Billettinfo

Kjøp billett på nett

Hordaland Teater har bytta billettsystem. Vi rår deg til å kjøpe billettar via vår nettside og velge e-billett som leveringsmåte. Du vil då motta billettane dine kostnadsfritt på e-post som PDF. For kjøp via andre utsalsstader og med andre leveringsmåtar kjem det sendings- og ekspedisjonsgebyr.

Du har 15 minuttar på deg til å gjennomføre kjøpet frå du legg billetten i handlevogna. Bruker du lengre tid, men likevel fullførar betalinga, vil billetten bli kansellert og pengane tilbakeført til din konto i løpet av nokre dager. Du må då gjennomføre kjøpet på nytt.

For kjøp på nett

Velg den framsyninga du vil kjøpe billettar til (under «På scenen») Klikk «Kjøp billettar», velg sete og pristype og legg billettane i handlevogna. Merk at nokon pristypar krev at du viser legitimasjon ved inngang.

Velg «forsendingsalternativer», e-billett er gratis. «Logg inn» viss du allereie er kunde. Viss du ikkje er kunde, kan du enkelt registrere deg sjølv som ny kunde. Hordaland Teater har overført kundar frå tidligare billettsystem. Du kan derfor kunne få beskjed om at du allereie er registrert som kunde når du loggar deg inn for første gong. Du må då be om å få tilsendt nytt passord på e-post for å komme inn på «Mitt teater», ved å klikke på «Har du gløymt passordet» på innloggingssida.

Tast inn eventuelt gåvekort eller rabattkode og klikk på ikonet for å aktivere.

Velg «Kjøp no». Du blir vidaresendt til ei ekstern betalingsside. Du kan betale med Visakort, Mastercard eller Vipps. All kommunikasjon foregår kryptert.

Din ordrebekreftelse kan nå sjåast på skjermen, og du vil i løpet av få minuttar motta ein kvittering på e-post frå publikum@hordalandteater.no.Billettane vil vere vedlagt i e-posten som ein pdf.

Gruppebestillingar

Skal du kjøpe 10 billettar eller meir, får du eigen gruppepris. Ta kontakt med Hordaland Teater på publikum@hordalandteater.no .

Hotellpakkar

Har du behov for hotellovernatting og billettar, kontakt showpakker.no eller Revy og Teaterservice eller ring 09901.

Restaurantbesøk

Skal du spise ute før eller etter framsyninga? På Wesselstuen får du 20% rabatt på mat til ein person samme dato som billetten din er gyldig. Bestill bord på førehand og vis billetten når du kjem til restauranten.
Bordbestilling: www.wesselstuen.no eller tlf. 55 55 49 49.

Utsalsstader

Logen: Hordaland Teater sin scene i Bergen er Logen, Øvre Ole Bulls plass 6.
Evt. ledige billettar til framsyning samme dag/ kveld vert selde ved inngangen 1 time før framsyningstart. Det vert også selt billettar til andre dagar og andre produksjonar i regi av Hordaland Teater.

Telefonen i Logen er bemanna 1 time før framsyninga:
Tlf: 55 22 20 30

Grieghallen: Grieghallens billettkontor, Edvard Griegs plass 1.
Tlf. 55 21 61 50.
E-post: post@revyogteater.no

NB! Billettgebyr på kr. 25 pr billett ved kjøp av billettar i Logen og Grieghallen.

Eventim, tlf: 21 95 92 00
E-post: kundeservice@eventim.no
NB! Billettgebyr på kr 25 per ordre.

Rabattar

På Hordaland Teater sine eigne produksjonar har vi følgande rabattar:

  • BT-fordel (med gyldig kort og maks 2 billettar pr kort)
  • honnør (fra fylte 67 år)
  • student (med gyldig studentbevis)
  • ungdom (15 – 25 år)
  • barn (til og med 14 år
  • scenekort (med gyldig kort og maks 2 billetter pr kort)
  • ledsagerbevis (med gyldig kort).

Velg «fleire prisar» og finn din billettype ved billettkjøp.

Grupper på over 10 personar får grupperabatt. Kontakt Hordaland Teater på mail: publikum@hordalandteater.no

Det er eigne prisar for gjestespel og barneframsyningar.

NB! Billettgebyr på kr. 25 pr billett ved kjøp av billettar i Logen, Grieghallen og DNS.

Gåvekort

Gåvekort kan kjøpast på hordalandteater.eventim-billetter.no. Du kan sjølv velge beløp. Du vil få tilsendt gåvekortet som e-billett (PDF) til din e-postadresse. Du kan printe ut eller vidaresende gåvekortet til den du ønsker å gi det til.

Slik bruker du gåvekort:
Gåvekort kan kun nyttast til kjøp av billettar til Hordaland Teater. Kvart gåvekort har ein unik kode. Når du har valgt dine plassar og billettypar og komen til sida for «Kontroll og betaling», tastar du inn denne koden i feltet «Gåvekortkode» og klikkar så på oppdateringsknappen. Totalbeløpet vert då redusert tilsvarande gåvekortets verdi. Klikk så på «Kjøp no» og du blir leia vidare til den eksterne betalingsleverandøren.

Ved eventuelt restbeløp på gåvekortet, vert det utsteda eit nytt gåvekort som e-billett (PDF). Dette vert sendt automatisk på e-post til den som har nytta det opprinnelege gåvekortet til å kjøpe billettar.

Gåvekort er gyldig i ett år fra kjøpsdato, men kan også nyttast som betaling for framsyningar fram i tid. Det er ikkje mogleg å trekke gåvekortet sin verdi frå allereie kjøpte billettar.

Universell tilretteleggjing

Rullestol

Vi har manuell rullestolheis i Logen. Ver merksam på at heisen kun tek ein liten rullestol av låg vekt (maks 250 kg inkl personens vekt). Rullestol må reserverast på førehand via publikum@hordalandteater.no

Teleslynge

Hordaland Teater har teleslynger som du kan låne og som fungerer i hele salen. Teleslynge må reserverast på førehand via publikum@hordalandteater.no

Ledsagerbevis

Hordaland Teater aksepterer ledsagerbevis. Beviset lar ledsager komme gratis inn, mens innehavar av beviset betalar vanleg pris (med eventuelle rabatter).

Gebyr

Sendingsgebyr

  • E-billett: 0,–
  • Post i Norge: 49,– per ordre
  • Post utlandet: 75,– per ordre

Ekspedisjonsgebyr

  • E-billett: 0,–
  • Billettkontoret i Logen, Grieghallen og DNS: 25,– per billett
  • Via Eventims kundeservice: 25,– per ordre. Eventuelt forsendingsgebyr per ordre kjem i tillegg.
Vilkår

Levering

E-billett

Har du kjøpt din billett som "E-billett", mottar du billetten din på e-post. Om du ikkje har motteke e-posten med billetten innan 24 timar etter gjennomført kjøp, kan du kontakte Hordaland Teater på e-posten: publikum@hordalandteater.no.

Husk at du berre har 15 minuttar på deg til å gjennomføra kjøpet frå du la billetten i handlevogna. Brukar du lengre tid, men likevel fullførar betalinga, vil billetten bli kansellert og pengar tilbakeført til din konto i løpet av nokre dagar. Du må då gjennomføre kjøpet på ny.

Post

Hordaland Teater sin billettleverandør, Eventim, sender ut billettar som er kjøpt via Hordaland Teater eller Eventims eiga nettside. Billettane vil vere deg i hende 5–7 virkedagar etter kjøpet. Billettane vert sendt med vanleg brev til den adressen du har opplyst ved kjøpet. Er det kort tid til arrangementet, sendast brevet som Quick-post. Eventims strekkodesystem sikrar at den billetten du mottek, ikkje kan kopierast eller på annan måte forfalskast. Det er derfor ikkje nødvendig å sende brevet rekommandert, og du behøver ikkje å vere heime når billettane kjem med posten.

Betaling

Alle prisar er inklusiv moms og skatt, men eksklusiv leveringsomkostningar og andre gebyr. Disse omkostningane framgår separat og som ein del av det samla beløpet under ordreprosessen, før betalinga vert gjennomført.

Du kan betale for billettane med Visakort, Mastercard og Vipps. All kommunikasjon foregår kryptert.

Ved betaling med Mastercard eller Visa, skjer betalinga av Eventims partner CTS Eventim & Co. KGaA, Tyskland, som er eit søsterselskap til Eventim.

Billetten

Billetten med påtrykt strekkode er din adgangskode til eit konkret arrangement. Billetten er kun gyldig dersom strekkoden er aktivert. Det vil seie at billettar som er blitt annullert (for eksempel dersom ein mistar billetten o.l.), ikkje har gyldige adgangskodar. Strekkoden vert kun akseptert éin gong. Billetten kan altså ikkje kopierast eller på annan måte forsøkast brukt fleire gongar.

Merk at det på enkelte billettprisar kan krevast framvisning av ID i døra.

Registrering av kortopplysninger

I samband med kjøp på nett kan du velge å lagre kortopplysningane dine til bruk ved framtidige kjøp. Av sikkerheitsmessige årsakar må du likevel skrive inn den tresifra sikkerheitskoden kvar gong du foretar eit kjøp. Dine kortopplysningar vil bli lagra på ein sikker måte og vil ikkje bli brukt til anna enn gjennomføring av kjøp på eventim.no. Du kan sjølv sletta lagra kort i betalingsprosessen.

Mista billett

Eventim kan utsteda ny billett til deg dersom billetten vert mista før arrangementet. Den nye billetten vil ha ein ny strekkode, mens den bortkomne billetten blir annullert og kan ikkje lengre brukast som inngangsbillett til arrangementet. Eigne gebyrer gjeld dersom du ønsker kopi av ein billett som er sendt i posten eller kjøpt i billettluke, PDF-billett er gratis å få tilsendt på nytt.

Dersom du har kjøpt billett på nett og valgt levering via post, men ikkje mottek billettane, kan Eventim skrive ut nye billettar til deg utan omkostning. Du må kontakte Eventim med ønske om gjenutskrivning seinast 30 arbeidsdagar etter kjøpet. Etter 30 arbeidsdagar er det ditt eiga ansvar dersom billetten går tapt, og du vil derfor bli nødt til å betale for at billetten vert skrive ut på nytt.

Avlysning

Eit arrangement er avlyst dersom arrangementet ikkje vert gjennomført. Endringar i programmet, beliggenhet, delvis gjennomføring av arrangementet o.l. vert dermed ikkje rekna som ei avlysning og pengane refunderast som regel ikkje.

Refundering

Kjøpte billettar refunderast kun ved avlysningar. Hordaland Teater er ansvarleg for å refundere kjøpesummen ved avlysningar. Sjølve refunderinga vert utført av Eventim på vegne av og etter instruks frå Hordaland Teater. Refunderinga vert overført til det kortet som vart brukt ved kjøp av billettane.

Billettgebyr og evt. forsendelsesomkostningar betalt i samband med billettkjøpet, vert ikkje refundert ved avlysningar/eller endring av spelestad.

Det er ingen angrerett for kjøp av billettar, dvs billettar vert ikkje refundert og kan heller ikkje endrast; som bytting av dato eller teateroppsetting.

Personopplysningar

Eventim registrerer og bruker personopplysningar om deg i samsvar med deira personvernerklæring.

Reklamasjon og klage

Er det noko du er ikkje er nøgd med i samband med ditt kjøp av billettar, kan du kontakte Hordaland Teater på publikum@hordalandteater.no