a a a
 
Belle Gunness

Belle Gunness

Tidlig om morgonen den 27. april 1908, brann ein storgård i LaPorte, Indiana, ned til grunnen. I oska etter brannen lå levningane til ei voksen kvinne og tre små born. Lika blei raskt identifisert som norskfødte Belle Gunness og borna hennar. Det heile så tilsynelatande ut som ein ganske alminnelig tragedie, inntil ein nordmann på jakt etter bror sin begynte å grave i jorda…

Historia om den norske utvandrarkvinna Belle Gunness, som blei kjent som ein av tidenes verste seriemordarar, er både veldokumentert og gåtefull. Meir enn hundre år etter at den sjokkerte ei heil verd, står fortsatt mange spørsmål ubesvarte. Vi inviterer publikum til å ta del i denne historiske krimgåta, gjennom ei spesiell og intim teateroppleving. Underveis vert det servering av vaflar og kaffi.

«Belle Gunness - eit mobilt drama om kjærleik, giftmord og vaflar» er ei historisk forteljing i «true crime»-sjangeren. Tekst og regi er ved Miriam Prestøy Lie, som sist gjesta Hordaland Teater som med gjestespillet «Så vakker du er» frå Sogn og Fjordane Teater.

Med denne framsyninga opnar vi opp for ei ny flate med tilbod i Logen. Vi kallar den «Nattsvermarar»

Her vil vi invitere til samlingsstunder der kontakten med publikum står sentralt. Vi vil undersøke konsept som er annleis i format og uttrykk, og mest av legge til rette for ei uformell oppleving der den gode forteljinga og samtalen står i sentrum. Følg med på «Nattsvermarar» framover. Kom inn i stova vår og opplev noko ekstra.