a a a

Held Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac). Trykk samstundes på + for å forstørre eller - for å forminske.

instagram twitter facebook
 

Babettes gjestebod

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys

Prostedøtrene  Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.

Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.
Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi vi trur denne historia treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidle denne historia, gjev oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving som vil stimulere til refleksjon og glede.
Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin Bispedømmeråd inviterer Hordaland Teater deg til kunstnarleg gjestebod.

 

Foto : Thor Brødreskift